torsdag 11. april 2013

Møte ut av huset?

Etterkvart mange verksemder har lagt møte som krev litt ekstra arbeidsro til Store Ringheim.
Me får gode tilbakemeldingar på at her finn dei den roen som skal til når ein skal gå i djupna på saker og ting, nye strategiar skal formast og viktige beslutningar fattast.

Nokre kurshaldarar er også byrja å bruka våre tenester når dei skal halda kurs.

Me tykkjer dette er ei gledeleg utvikling innan ei kundegruppe som me er rimeleg sikre på vil auka i tida framover.
Me vil arbeida for dette ved å fortsetja med å gjera alt for at ein møtedag hjå oss skal vera sutalaus for arrangøren slik at dei kan konsentrera seg om sitt utan å verta forstyrra av noko anna.

I desse dagar vil me senda ut flygebrevet under til Vossaverksemder, lokale kundar frå indre Hordaland er utruleg viktige for oss og me vonar på positiv respons.

                                Møte ute av huset?

 

På Store Ringheim har me god erfaring med å ta oss av møter og mindre konferansar.

Me kan tilby:

·         Roleg omgjevnad og god atmosfære perfekt for ei effektiv arbeidsøkt

·         Hjelpemiddel som prosjektor, skjerm, lyd, flip over, trådlaust internett og ein kursvert tilgjengeleg heile tida

·         Kaffi, te, vatn, frukt og småkaker på møterommet

·         God heimalaga lunsj servert i restauranten

·         Tre rettar middag om kvelden om det er ynskjeleg

Me veit det er ei investering å ta nøkkelpersonar ut av den daglege drifta ein dag, så me vil gjera vårt beste for at alt skal gå greitt og at de får maks utbyte av dagen.

Frå juni kan me tilby overnatting i seks dobbeltrom i det nyopna hotellet vårt
Booking og førespurnader på: 95406135 eller post@storeringheim.no

 

Velkomne til oss!


 

 

 

 

mandag 8. april 2013

Vårfest eller sommaravslutting

Våren er her og sommaren nærmar seg, dei ljose tidene er komne og me får endeleg vona me ikkje har brukt opp finaveret for resten av året:)

Det er etterkvart tid til å tenkja på vårsamlingar og sommaravslutningsfestar.
I fjor hadde me mange kjekke samlingar og lystige lag i mai og juni og det ser ikkje ut til å verta mindre i år - tvert imot.
Så om de går med planar om ei kjekk samling med vener eller arbeidskameratar så er den beste staden å halda det her hjå oss med god mat, god drikke og rikeleg med plass både ute og inne - og kortaste vegen vert det og for dei fleste her me ligg midt mellom bygdebydn og fetlingane:)

Men, det er byrja å tetna seg litt til på dei mest populære dagane så det kan kanskje vera ein god ide å ta kontakt og reservera plass - detaljane kan me ta seinare:)

 

lørdag 6. april 2013

Spanande vårmeny

Då har kokken sett ihop ein spanande vårmeny full av rettar der han har lete kreativiteten og fantasien fenge fritt spelerom.
Me kan nemna kvitfisk dampa i bananlauv og Vossalam indrefilet grilla på spyd...mmmmmmm:)

Alle rettane er sjølvsagt laga frå botnen og med råvarer som i helst kjem frå Vestlandet og Voss.

Ta turen oppom og prøv litt ekta mat som ein ikkje får kvarsomhelst:)


Meny april 2013


Forrettar

Risotto i parmesankorg med sopp frå Vossaskogane   og salat

Kr 115,-
 

Spekemattallerken med sprakasaus og salat

Kr 115,-
 

Vårsalat med steikt kjukling             

Kr 105,-
 

Dagens suppe, spøt servitørenJ

Kr 95,-
 

Hovudrettar

Grilla Vossalam indrefilet på spyd, råsteikte poteter, grønsaker og heimalaga barbequesaus

Kr 325,-


Kjuklingrulettar med sopp frå Vossaskogane, cous cous og krema ostesaus

Kr 295,-
 

Biff tournados av indrefilet frå Selheim, borretanlauk i balsamico og kryddersmør

Kr 325,-
 

Kvitfisk og grønsaksalsa dampa i bananlauv, risnudlar

Kr 285,-
 

Dessertar

Heimalaga creme brulèe

Kr 95,-
 

Ostekaka med blåbær

Kr 95,-
 

Ostetallerken med utval av lokale ostar

Kr 115,-
 

Iskrem frå Alm Gard

Kr 105,-

torsdag 21. mars 2013

Årets påskatilbod på Skjærtorsdag

I fjor hadde me hengjande att ein del pinnakjøt etter jolabordsesongen som me laga ei rimeleg og god restaveitla på, det har me ikkje i år. Pinnakjøtet vårt vart so populært at det vart ete til siste beinet:)

Men sjølve ideen om ein rimeleg fest for påskegjestene vil me halda fram med, så i år har me komponert ein spanande 4 rettars meny komplett med litt musserande ved ankomst og kaffi til desserten. Me kunne sjølvsagt røpa menyen her og no men velgjer å å vera litt løyndomsfulle..
men vil likevel nemna at pinnakjøt av hjort vert den eine hovudretten. (så litt pinnakjøt vart det likevel)

Me har ikkje all verden med hjortapinnakjøt så me må avgrensa talet på gjester til eit triveleg langbord i resturanten. Det kan vera lurt å vera tidleg ute å melda seg på:)

Heile festmiddagen med aperitif og kaffi innaot kjem på hyggelege 450,- pp

Spring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no :)
 

tirsdag 19. mars 2013

Store Ringheim Hotell

Nytt på Voss -eit lite hotell- ei perle er pussa- slik at ho kan skina for alle igjen.

Me restaurerer gamlahuset attende til fordums prakt og byggjer det om til eit lite, sjarmerande hotell med seks særprega soverom; Stovo, kjøkjen, lemmen, kammerset, øpstelemmen og eldhuset er gamle velkjende navn i huset og desse er no vorte namna på dei ulike romma.

Romma vert ulike, somme stader viser dei solide tømmerveggene medan det andre stader vert tapet og måling, fine skal dei verta uansett og kanskje finast vert eldhuset som er ei gamal årestove frå 1700 talet med mykje historie i røykte vegger og tak med ljore i mønet. Skal ikkje sjå bort frå at her er eit hyggeleg skrømt på lur i krokane:)

Kvart rom får eit vakkert flislagd bad med skifer på golva.

I stille og vakre omgjevnad kan du nyta utsikta og eit godt måltid .

Frukosten vert servert i restauranten i løo, nok ein tradisjonsrik stad.

Kort sagt har me flytta komfort og luksus som ein forbind med eit godt hotell inn i verkeleg historiske råmer i det gamle gardstunet vårt.

Me vonar at gjestene våre set pris på staden og likar seg her.
Her er det både stille og fredleg samstundes som det er sentrumsnært - 5min.med bil og 20 min. gange så er du midt i sentrum.

søndag 24. februar 2013

Vinterferie

Så var vinterferien over oss. Det er fullt i alle hytter og hus, hotell osv. Fint ver er det også meldt, både sol og høveleg temperatur så det er rike mogelegheiter til å bruka dagane ute i snøen på tur eller i løypene.
Det er kanskje nokon som vert leie av å laga mat uti veko, eller leie av pizza i sentrum, ingen fare med det - me har ope torsdag til søndag. Februarmenyen finnes litt lenger nede på denne bloggen.

Men no er det kanskje slik at det ikkje alltid er ein solid middag som skal til, kanskje berre litt småknask...
Då kan de prøva øltapasen vår, ein god smårett som er laga for å passa til kraftig og godt øl men som også står seg godt utan.
Denne vert servert i den meir uformelle delen av løo, utan kvite dukar og høge glas men triveleg likevel.

Kom og prøv då vel:)

PS Me har litt gjester på onsdag kveld, om det er fleire som vil eta den kvelden er det berre å ringa 95406135 og tinga:)

torsdag 21. februar 2013

Øltapas

Tapas, små rettar til vin eller i utgangspunktet ein skinkebete brukt som lok på sherryglasa for å halda flugene ute, er eit velkjent omgrep for reisevande Nordmenn.
Øltapas er neppe det.
Me har teke fatt i materien og i samarbeid med kjøkkensjefen vår som kjem frå Litauen, eit land med rik ølkultur, har me utarbeidd eit knippe smårettar som passar godt inntil eit godt glas øl enten det no er med eller utan alkohol.
Ingenting av dette er ferdigmat sjølvsagt. På fatet er det spekekjøt av gardens produksjon, erter i baconfeitt (Vossabacon sjølvsagt) med litt krydder X, dette er ein Lituaisk tradisjonsrett. Ølkjeks med kryddermiks som matchar ølsmak (sjølvsagt laga her) og kanskje ostekrokettar (heimalaga dei og)

Som de ser så passar det heilt utmerka til alkoholfritt øl:)

Me byrjar å servera dette frå dags dato og me meiner det er eit svært godt alternativ til dei som gjerne vil besøkja oss men ikkje vil eta middag. Litt god mat til eit godt glas er i so tilfelle eit svært godt alternativ og ein porsjon med dette får ein grumlande mage til å tagna - for det er kraftkost!

Prisen er rimeleg - kr 85,- for ein porsjon



Rimeleg og godt!
Årets slager?? Kom og prøv og døm sjølve

 

onsdag 6. februar 2013

Februarmenyen vår

I år har me laga eit nytt opplegg på menyane våre. I staden for å endra menyane kvar veke og berre ha to hovudrettar å velja mellom har me no månadsmenyar som er litt sesongbaserte. Det vert 4 faste hovudrettar å velja mellom og innimellom eit ekstra veketilbod om spesielle råvarer dukkar opp.

Me vonar dette vil verta godt motteke av matglade gjester.

Til grupper, lag, verksemder, høgtidsdagar osv har me sjølvsagt tilbod utover månadsmenyen når menyen for festen/samlinga skal setjast ihop:) Darius, den dyktige kokken vår, kan laga det meste.

Under finn de årets første månadsmeny.


Meny februar 2013

 

Forrettar

Bakt potet med krema smør og røykt laks         

KR 105,-*

Spekemattallerken med sprakasaus og salat   

Kr 115,-*

Fiskesuppe med heimalaga brød           

Kr 95,-

 

Hovudrettar

Okseindrefilet frå Selheim, potet med kvitlaukssmør, grønsaker og bernaisesaus.

Kr 325,-

Langsteikt ytrefilet av Vossalam med potetmos, grønt og raudvinssaus med Vossasopp

Kr 315,-

Kjuklingrullettar med grønsaker av Ytterøy kjukling med couscous og currysaus

Kr 275,-

Ovnsbaktryggfilet av skrei med bacon, polenta, kvitvinssaus og  grønsaker.

Kr 285,-

 

Dessertar

Heimalaga creme brulèe

Kr 95,-

Ostetallerken med utval av lokale ostar

Kr 115,-

Iskrem frå Alm Gard

Kr 105,-

 

søndag 27. januar 2013

Første menyen i 2013

Om me har stengt ein månad betyr ikkje det at me ligg i sofaen:)
Det er litt av kvart som me nyttar høvet til å gjera no når det er stille, me er m.a. i gang med å innreida Florslemmen (loftet til fjøsen) til pauserom og kontor, begge deler rimeleg naudsynt. Me reinskar opp i papir og rekneskap, prøver å vera litt glupe i marknadsføringa, finpusser internkontrollar og legg gode planar for året framføre oss.

På fredag startar me opp att i år, og her er årets første meny full av god mat laga frå grunnen, så til dykk som har gjenge svoltne gjennom januar er dette berginga:)


Store Ringheim Meny veke 1


Forrettar
Vossolakserullettar med urtedressing og salatmiks
Kr 115,-

Tomat bisque suppe med fetaost og heimabakt brød
Kr 105,- 

Hovudrettar

Langsteikt lambafilet med skogssoppsaus med sopp frå Vossaskogane og potet/fennikelpure.
Kr 315,-

Ovnsbakt laks med pesto, polenta og kvitvinssaus
Kr 285,- 

Dessertar
Sjokoladekaka med tranebær servert med is frå Alm Gard
Kr 115,-

Ostatallerken med sylta Cumquat
Kr 115,-

Is frå Alm Gard
Kr 105,-


 

onsdag 19. desember 2012

Meny veke 52

Siste sjans til god mat i trivelege omgjevnader her hjå oss før jol:)
Me har bra lambafilet av Vossalam - kan tilråast.

Store Ringheim Meny veke 52
 

Forrettar

Salat med fetaost
Kr 95,-

Rekecocktail
Kr 105,-
 
Lambasuppe Libysk type
Kr 95,-

 

Hovudrettar

Langsteikt lambafilet med skogssoppsaus med sopp frå Vossaskogane og krydra poteter.
Kr 315,-

Steikt Yellowtale fisk med urtebulgur og kvitvinssaus
Kr 285,-

 

Dessertar

Verrin med Ringheimsjordbærmousse og pasjonsfrukt, servert med friske bær.
Kr 115,-

Ostatallerken med sylta Cumquat
Kr 115,-

Is frå Alm Gard
Kr 105,-

www.storeringheim.no tlf 95406135, post@storeringheim.no

torsdag 13. desember 2012

Me startar med friskt mot

Gamlahuset er tomt og me set i gang med å realisera planane me har for det.
Skal Store Ringheim verta eit ekta gjestetun lyt det sjølvsagt vera ein stad gjestene kan overnatta og det har me tenkt dei skal gjera i Gamlahuset.
Me tenkte i utgangspunktet at det ikkje skulle vera så vanskeleg å få det til for huset såg rimeleg bra ut, men så er det no ein gong slik at mykje rart kan finnast i ei pakke med fint papir..

Vår mann i restaurering, Vidar Hefte, rulla inn i tunet med arbeidsfolka sine og byrja å "pakka ut" pakko og det viste seg snart at det var litt kattar i sekken.
Huset er frå 1860 så det skulle vel berre mangla at det ikkje var eit og anna som måtte bøtast men her vart det litt i øvre leiet.
Me fekk etterkvart same kjensla som ein har i tannlækjarstolen medan ein ventar på resultatet av røntgenbileta..

Her er litt bilete
 

onsdag 12. desember 2012

Meny veke 51

Her er årets siste meny sidan me stort sett har stengt i jolaveko.)
Alt er sjølvsagt godt men me vil gjerne framheva vår kvitvinsbraisserte lambahøgrygg, makan til godt og møyrt lambakjøt skal ein leita lenge etter!
Ein gjest spurde i dag om korleis me fekk kjøtet så møyrt og eg kunne ikkje svara anna enn at ein treng tolmod, dette er ikkje hurtigmat - god mat tek tid.

Så vil eg og minna om sundagstilbodet vårt:
Svineribba med sprø svor, medisterpølse og tradisjonelt tilbehøyr fulgd av kaka med is og kaffi til kun kr 250,- pp
Ingen grunn til å kava med middag heima - ta heller ei roleg stund her hjå oss:)


Store Ringheim Meny veke 50 

Forrettar
Tunfiskmousse med toast og urtesaus
Kr 105,-

Spekemattallerken med lokal spekemat og flatbrød
Kr 115,-

Middelhavstype fiskasuppe
Kr 95,- 
 

Hovudrettar

Kvitvinsbraisert lambahøgrygg servert med fennikel/potetpuree og skogsoppsaus med sopp frå Vossaskogane
Kr 305,-

Dampa steinbit med polenta og grønsaker
Kr 285,- 
 

Dessertar
 
Pærer kokt i raudvin med vaniljeis og sjokoladesaus
Kr 115,-

Ostatallerken med sylta Cumquat
Kr 115,-

Is frå Alm Gard
Kr 105,-

www.storeringheim.no tlf 95406135, post@storeringheim.no