onsdag 27. oktober 2010

Von i hangande snøre

Jaudå, dei seier so. Med omsyn til det manglande avkøyrsleløyvet så har det vist seg at alle som hadde med saka å gjera enten er på ferie eller fråverande, litt frustrerande.
Men omsider fekk eg tak i ein gasta kar frå vegstasjonen i Odda som vil ta tak i saka slik at me kan koma litt lenger, signe han. Han kjem på synfaring i morgon slik at me kan verta einige om korleis me skal gjera det, ny søknad vert send og forhåpentlegvis skubba kjapt gjennom systemet sidan saka allereie ligg inne og so....kan me omsider byrja.
So til alle dykk som spør om kortid me vert ferdige - vel me veit ikkje enno men truleg før sommaren.

søndag 24. oktober 2010

Tempus fugit

Jaudå, tida fyk. No er første snøen komen og ser ut til å verta liggjande. Me sit og ventar på å få løyve til avkøyrsle, slik at me kan senda byggeløyvesøknad, slik at me kan ha oppstartsmøte og planleggja, slik at me kan koma i gang....
Minner litt om gode gamle folkeeventyr dette her - eller om høna og egget, kven kom først :)
Vel, ting ordnar seg nok, imens sit me og prøver å planleggja dette så godt me kan. For tida er det innandørs det gjeld, me prøver å få på plass eitt brukande kjøkken som me har råd til, me skal bestemma oss for kva stolar, bord, dekketøy etc som me vil ha og som me har råd til. Ikkje lett men me skal nok få det til.
Det er også snart på tide å byrja å arbeida med skjenkesøknaden, ein av oss må på kurs og verta godkjende som skjenkestyrar osv. Det me har lært så langt er at ting tek tid så me må berre koma endå lengre på forkant.
Me har fått løyve til påkopling av kloakken så forsåvidt kan me byrja å grava grøft for den, før snøen kjem - eller etter at den har fare :). Det kan vera me kjem i gang med det til veka for det hastar kanskje litt. Grøfta er lang, bortimot 200 meter, så det tek si tid.

lørdag 16. oktober 2010

Parkeringsplass

Nett no når me trudde me var i mål kom det avslag på avkøyrsla for parkeringsplassen me har planlagt. Kva skal me sei, er vel litt overgjeven nett no. Det var spørsmål om me kunne vurdera ein annan stad til parkeringsplass. Det har me sjølvsagt gjort, det ligg ein heilt utmerka stad rett i nærleiken - men det er naboen sin:), har ikkje tenkt at han skal halda meg med parkeringsplass.
Me får vel berre prøva å få folk frå vegvesenet på synfaring, så får dei sjå om dei finn ein betre plass.
Ellers går ting sin gang, det er no rydda og oppshina inne i løa så det er klart til håndverkarane kjem..ein gong.

torsdag 14. oktober 2010

Tilpassingar

Planlegginga er byrja å verta litt meir intens den siste tida. På bileta ser de at me har hengt opp "liksomvegger" for å sjå korleis det vert og korleis det fungerer. Me har tenkt å ha enkle kvite vegger rundt i svolene og andre stader for å understreka den gamle løa. Den gamle løa skal visa slik ho var med grove tømmervegger og grinder. Det vil sikkert verta ein del "tilpassingar" men i hovudsak trur me det vert slik som planlagt.
I går hadde me representantar for blikkenslagarfirmaet og firmaet som bereknar ventilasjonsanlegget, samt byggmeister og arkitekt på besøk. Bakgrunnen var at det var vanskeleg å finna plass til maskineriet til ventilasjonsanlegget innandørs og det var vanskeleg å integrera det utandørs - gamle bygningar er som regel ikkje enkle.
Etter eit par timar fundering og meiningsutveksling fann dei likevel ei råd, det vert bygd eit lite påbygg på vestre enden av løa som skal husa maskineriet, neppe ideelt estetisk sett men minst av alle "onder".
I løpet av neste veke vil det også verta starta opp arbeid på uteplassen og kloakkgrøfta så endeleg er me i gang att.

Kortid me er ferdige er nok for tidleg å sei.

fredag 8. oktober 2010

Golv

Me vurderer for tida kva me skal ha på golvet i løa - skifer eller fliser. Personleg favoritt er nok skifer men den skal ha eit visst vedlikehald for å halda seg fin. Det vert sagt at han må behandlast med inkart kvart år og at dette er ein heller omstendeleg prosess. Me ser ikkje for oss at me kjem til å ha så mykje tid til overs og skulle me ha det vil me nok heller reisa til støls enn å polera golv så for tida hallar det mest mot fliser.
Me lyt nok setja oss inn i kor mykje arbeid det eigentleg er med skifer før me dømer han heilt nord og ned, det kan no vera at det er litt overdrive.
Gode råd - send oss ein epost!

tirsdag 5. oktober 2010

Langsomt maler..

Nåja, det går nok enno ei lita stund før me vert vekte av lystige hammarbank om morgonen. Råmevedtak skal skrivast, byggesøknad sendast, ansvarlege skal underskriva, ei rad instansar skal koma med sitt...
Tolmod kom til oss osv.
Men ting er på rett veg - vår veg, og no ser me fram til papirmylne har male ferdig og hammar og tong kan overta!

søndag 3. oktober 2010

Opprydding!

I lutter glede over det positive vedtaket gjekk me laus og rydda grundig opp rundt løa i går. Det var meldt regn slik at me hadde litt tidspress på oss sidan ryddinga innebar eindel flytting av materialar etc med traktor og me ville ikkje at det skulle verta blautt med traktorspor og elendigheit.
Erlend vart med og etter ein 6-7 timar var alt strøkent og klart til nytt innrykk av ulike håndverkarar. Det vert nok meir rot, me betalar for at håndverkarane produserer, ikkje at dei ryddar - det kan me gjera.
No går det nok enno ei veke eller to til alt er klart og muntre hammarslag kjem frå løa men no veit me at det går framover.

lørdag 2. oktober 2010

Rammeløyve!

Som me antyda i går kveld så har me fått (muntleg) tilsagn om rammeløyve etter "landbruk +" regimet hjå kommunen. Utslagsgjevande var at me er aktive bønder, me driv med jordbær og har kyrne i samdrift. Dersom me hadde gjort som mange andre og selt kvoten og leigd ut jorda hadde nok resultatet vorte eit anna.

Det har vore litt "rusk" i saksgangen i denne saka men det let me no kvila, derimot vil me framheva dei som har stått på for at dette skulle gå bra; ordførar Gunn Berit Lunde som tok tak i saka når det såg som mørkaste ut og sette i gang prosessen som førde fram til positivt vedtak, Anbjørg Nornes som har stått på barrikadane for saka heile tida, næringssjef, lanbrukssjef og byggesaksavd som har vore opne og jobba for eit positivt vedtak - Tusen Takk skal de ha!!!




Vel, så er det opp til oss då om dette skal gå bra. Først skal me byggja innanføre råmene til budsjettet, deretter skal me driva det og skapa ein stad slik me drøymer om - det vert ikkje mindre arbeid i tida som kjem men det vert kjekt.

fredag 1. oktober 2010

Yess!!!!

Jepp, det stemmer! Alt ordnar seg for snille gutar og jenter!
Meir sidan - travelt no.

Nytt golv i løo 3 - laoabrue




Det vart mykje luring og finplanlegging då golvet i løo vart lagt. Me har allereie skrive om svolagolva og laoagolvet, eit anna problem var golvet på laoabrue. Dei ulike utfordringane der var at det skulle vera godt tilgjengeleg sjølv om det var litt bratt, det måtte vera inngang til toaletta i andre høgda av steinsiloen og det skulle sjølvsagt vera tilgjengeleg for rullestolbrukarar.
Det vart ein god del hedneklaoing (klø seg i hovudet) både på byggmeister og oss heilt til Jorunn fekk ein kjempeide som løyste heile problemet.
Laoabrue vart delt inn i to nivå der det eine var i same nivå som golvet inn til toalettet. Nivåa er så tillaga slik at ein rampe enkelt og greitt kan leggjast ut når rullestolbrukarar er mellom gjestene, så enkelt - så greitt.
David byggmeister berekna og konstruerte før dei dyktige snikkarane hans bygde og laoabrue vart ferdig.
I morgon er D dagen, kanskje neste innlegg varslar at me kan byrja å skriva om notida, det passar fint for me er straks ferdige med det som har hendt.