mandag 29. oktober 2012

Catering

Me har to dyktige kokkar som treng litt meir å gjera så me har avgjort at me vil byrja å levera mat ut av huset til gleda for folk som skal ha tilstelningar, møte eller selskap.
Me har sjølvsagt vår eigen vri på dette.
For det første er sjølvsagt alt laga frå grunnen, me juksar ikkje der:)
Me har satsa på heile og halve Danske smørrebrød istadenfor baguettar, rundstykke, smørbrød og snittar, ikkje fordi dei sistnevnde ikkje er gode men fordi me likar at Danske smørrebrød er så enkle å eta med kniv og gaffel. Darius har arbeidd 4 år i Danmark så me kan garantera at oppskriftene er autentiske, og - berre så det er sagt - me brukar sjølvsagt også her lokale råvarer så som roasbeef frå kjøt frå Selheim, vår eiga rudlepylsa laga av Vossalam frå Selheim osv.

Same sak med koldbordet. Me satsar på litt uvanlege rettar sett i forhold til eit tradisjonelt Norsk koldbord, men alt er garantert godt:)

Fingermat og Tapas har me ikkje på standardmenyen enno men det er i kjømda og om nokon ynskjer det før me har det heilt klart er det berre å snakka til.

Me har sjølvsagt også eit godt oppstartstilbod: 10 % på dei ti første tingingane mot at me får ei ærleg tilbakemelding på mat og opplegg.

Så her er det berre å hiva seg på folkens - Ring 95406135 og ting:)

Her er menyen


 

  

mandag 1. oktober 2012

Vin og smak kveld

Fredag 12.10. skal smaken stå i sentrum her på Store Ringheim, særleg korleis ulike typar vin framhevar eller motverkar ulike mattypar.

Me har kanskje alle opplevd det - sitja på ein restaurant og tinga ein betre middag ei sjeldan gong, og kelnaren spør kva du vil ha å drikka til maten...skummelt og heilt ukjend terreng for oss folk flest.
For min del endar det som regel med å følgja råda frå kelnaren. Og så kjem han med flaska og sler opp litt i glaset og ein skal sjekka....jaudå:)

Henning Dolve, mangeårig bartender og restaurantmann, røynsle frå Vinmonopolet og no tilsett i Winetailor, skal ta oss med inn i denne forunderlege verda av smak og usmak. Jau de las rett, feil vin til god mat kan rett og slett øydeleggja smaken av maten.

På kurset får me først innføring i korleis me skal bedømma vin med omsyn til farge, velositet, lukt og smak på rett måte så me kan sjekka vin slik kjennarar gjer det på neste restaurantvitjing.

Me skal smaka på fem ulike vinar; to kvite, to raude og ein dessertvin. Dei skal smakast grundig i saman med ulike mat som feitt, syre, umani etc og slik finna ut om denne vintypen kan passa til feit mat, syrlig mat etc. Skikkeleg interessant, sist eg var på eit kurs med Henning fekk eg nokre verkeleg store AHA opplevingar.

Etter kurset serverer me eit utvald knippe norske spanande ostar og fingermat på ein stor tallerken, i baren har me eit godt utval vinar i glas denne kvelden slik at kunnkapane kan setjast ut i praksis med ein gong.

Høyrest dette ut til å vera ein lærerik og kjekk kveld?
Ta med vener og kjende og meld dykk på på tlf 95406135 eller post@storeringheim.no

Heile kvelden med kurs og god mat kostar berre kr 480,- pp

Me har avgrensa med plassar for at alle skal få godt utbyte av kurset så det kan vera lurt å vera tidleg ute:)