lørdag 27. november 2010

Då var alt inne..

Då er alt som skal sendast inn inne. Me sit her og kryssar fingrar og tær og vonar det beste (som vanleg).
Me er beherska optimistiske, særleg sidan me ikkje kan koma på noko meir no som skulle vera feil. Me avventar tilbakemelding frå Fylkesmannen si kulturminneavdeling, dei har freist ut neste veka med å koma med innspel. Det skal verta spanande å sjå kva dei finn ut.
Uansett så vil me ha eit lite byggemøte i veka for å prøva å koma fram til ein enkel framdriftsplan. Det er etterkvart kome ein god del førespurnader så det hadde vore greitt å visst omlag kortid me kan rekna med å vera ferdige.
Kryss fingrar for oss!

torsdag 25. november 2010

Ikkje nett som varm kniv i smør nei

Kanskje ikkje heilt uventa så var det ikkje akkurat berre berre å få løyvet no heller. Brannvurderinga er forseinka frå arkitekten vår så det er ingenting som skjer før den er kome, litt dumt det at det skal henga på våre folk no.
Teikningane av løo er og sende til Fylkesmannen si kulturminneavdeling som ville ha eit ord med i laget. Dette tek eg forsåvidt som ei anerkjenning av at me har eit sjeldant og spesielt bygg.
Eg reknar ikkje med at det skal verta nokon vanskar med å verta einig med dei sidan me heile tida har hatt som overordna mål å ta vare på den gamle bygningen. Dei får ta seg ein tur opp, så kokar me kaffi og tek oss ein runde i løo og går igjennom planane og det som er utført. Eit lite innblikk i soga til huset skal me sjøvsagt også spandera på.
Det er eit spesielt hus på ein spesiell stad.

søndag 21. november 2010

Hage

Hin dagen hadde me Anne frå Komplett Utemiljø på vitjing. Bakgrunnen var at me har engasjert dei til å laga ein overordna plan for uteområdet i tunet. Me tykkjer det er viktig at ikkje berre innsida av løa vert bra, det er minst like viktig at uteområdet er bra.
Komplett Utemiljø er eit firma i Haugesund som leverer både hageplanar og anleggsgartnartenester. Me har sett på ein del oppdrag dei har hatt og ser at me har samanfallande syn på ein del viktige ting.
Vidare no skal Anne laga eit utkast og så skal me fila og ruggla på det til me er nøygde.
Deretter får me sjå kor mykje me har råd til å få gjort..

onsdag 17. november 2010

Great News!

Fekk muntleg stadfesta frå vegvesenet i dag at avkøyrsla vår er oppmålt og godkjend! Kjempe!
No er alle papir sende til byggesaksavd for handsaming, det skal i utgangspunktet ikkje ta lang tid sidan me allereie har rammeløyve. Me får vona at vegen fram er rydda og asfaltert slik at me omsider kan koma i gang og kanskje verta ferdige til konfirmasjonssesongen til våren.
Betinga optimist..

tirsdag 16. november 2010

Lite påbygg

Me har forsovidt starta litt. Det må byggast eit lite påbygg i eine enden av løo for å få plass til maskineriet til ventilasjonsanlegget. Dette var lettaste å få gjort no når det er folk og maskiner og jobbar med uteområdet på nedsida så me sette i gang.
Tilbygget må senkast omlag ein meter ned i jorda så taket kan gå i flukt med resten av løetaket. Dette inneber då ein del graving og støyping og omlegging av trappa ned langs løa.

Ser litt rotete ut no men eg er sikker på at det vert bra når det er ferdig og eit godt ventilasjonsanlegg er ein god ting å ha.

mandag 15. november 2010

Avkøyrsle

Då var me i gang med avkøyrsla. Jan i frå Skutle Betong stilte på kort varsel og var her i tolv tida midt i ei tett snøbye. Me streka opp og målte og så sette han i gang. Det er berre avkøyrsla ca 4m frå vegekanten som vert laga no, resten tek me til våren når det er betre forhold. Men dette var ikkje til å utsetja - sjå forrige innlegg.
Ho vert ferdig i morgon og så er det berre for Statens Vegvesen å godkjenna ho så er me eitt lite steg nærare løyvet.

søndag 14. november 2010

Høna og egget

Då har me fått tilsagn frå vegvesenet om at me kan pårekna å få godkjent avkøyrsla når den er ferdig. Kjekt det, men i vilkåra er det understreka at kommunen ikkje får gje byggeløyve før avkøyrsla er godkjent så me er eigentleg like langt. Avkøyrsla må byggast og godkjennast før me har byggeløyvet i boks. Blir litt sånn høna og egget dette, kven kom først veit de:)
Dette er ikkje eit vilkår som ein vrang sakshandsamar har sett, det er standardvilkår, og me skulle såleis ha visst om det. Vel, ikkje me amatørar då men kanskje arkitekten vår...
Uansett så er me vel komne eit lite steg vidare i stolleiken, no er det brått gravemannen vår, Jan, som ikkje har ein stol å sitja på og lyt stilla med gravemaskin i morgon og laga avkøyrsle.
Deretter er me spente på neste steg på ein stadig smalare sti mot det etterlengta løyvet.

fredag 5. november 2010

Husflytting

Laang dag i dag, me var i Modalen og henta ei tømmerhytte me skal setja opp som del av prosjektet. Hytta vart kjøpt på Finn i fjor og no meinte eigaren at det var på tide å henta ho.
Me hadde leigd inn Jan Skutle med lastebil, Erlend vart med og me rekna optimistisk med at me skulle klara det på eitt lass. O milde einfold! Me lasta så mykje me torde for høgda - låge tunellar mellom Modalen og Dale veit de. Me fekk med oss omlag to tredeler, resten må eg nok henta med hengar :(
Me fekk tømmeret vel heim i tunet, Jan lasta det av med krane og tok helg, vel fortent sjølvsagt. Erlend og eg sto igjen med ein formidabel jobb å stabla det inn i reiskapshuset.
Me vart ferdige i 8 tida i kveld, dugeleg lange i armane.
Det skal verta hardt å få plass til ein tredel meir, men me skal nok få det til.

torsdag 4. november 2010

Frosten nærmar seg

I dag var det hektisk aktivitet med å isolera og leggja jern på uteplassen sidan frosten nærmar seg. Ikkje så greitt å støypa på frose underlag veit de..
Me tenkte i vinter som var at me skulle sleppa å kjempa med frosten no men slik gjekk det altså ikkje.
Me har også drive med å tetta att hol og diverse i gamle floren, den er ikkje med på denne søknaden så her kan me driva med litt vedlikehald. Murstein fekk me ved å saga ut opning der det skal verta dør ein gong i framtida. Denne pikka me av den gamle mørtelen på og brukte på ny. Greitt det så vart det både same farge og tekstur.
Forrige veke var me på reiselivskonferanse på Fleischer. Den handla om mat og reiseliv og div anna. Mykje tankevekkande stoff der som me kjem til å ta med oss i det vidare arbeidet.
Særleg interessant var delene som handla om matprofil. Den underbygde i stor grad vår filosofi om å satsa på lokale råvarer mest mogeleg så dette vert spanande - kanskje me treff ein trend?


mandag 1. november 2010

Uteplass

No er omsider revidert søknad om parkeringsplass innlevert med lovnad om kjapp sakshandsaming so no er det nett før.
Men me har tjuvstarta litt - nedom låven, der det var ein fin plen, har no gravemaskinene kome på plass. Plenen er historie, planen er å helleleggja denne fine staden slik at ein kan gå rett ut frå løo og ha ein god stad å vera, eller til uteservering på fine dagar. Det er ei fantastisk fin utsikt her og verkeleg lunt inne i kroken uansett vind, så dette skal verta bra.
Uteplassen vert laga etter standard oppskrift - fjerna matjord og skrapmasse, fylla på pukklag, retta opp og ta høgder, runde med hoppetussa, leggja ut singel, ny runde med hoppetussa, finavretta, støypa etc - så langt er me straks ferdige med å leggja på singel. Støyping vert det om eit par veker.
Me skal halda dykk oppdaterte :)