torsdag 11. april 2013

Møte ut av huset?

Etterkvart mange verksemder har lagt møte som krev litt ekstra arbeidsro til Store Ringheim.
Me får gode tilbakemeldingar på at her finn dei den roen som skal til når ein skal gå i djupna på saker og ting, nye strategiar skal formast og viktige beslutningar fattast.

Nokre kurshaldarar er også byrja å bruka våre tenester når dei skal halda kurs.

Me tykkjer dette er ei gledeleg utvikling innan ei kundegruppe som me er rimeleg sikre på vil auka i tida framover.
Me vil arbeida for dette ved å fortsetja med å gjera alt for at ein møtedag hjå oss skal vera sutalaus for arrangøren slik at dei kan konsentrera seg om sitt utan å verta forstyrra av noko anna.

I desse dagar vil me senda ut flygebrevet under til Vossaverksemder, lokale kundar frå indre Hordaland er utruleg viktige for oss og me vonar på positiv respons.

                                Møte ute av huset?

 

På Store Ringheim har me god erfaring med å ta oss av møter og mindre konferansar.

Me kan tilby:

·         Roleg omgjevnad og god atmosfære perfekt for ei effektiv arbeidsøkt

·         Hjelpemiddel som prosjektor, skjerm, lyd, flip over, trådlaust internett og ein kursvert tilgjengeleg heile tida

·         Kaffi, te, vatn, frukt og småkaker på møterommet

·         God heimalaga lunsj servert i restauranten

·         Tre rettar middag om kvelden om det er ynskjeleg

Me veit det er ei investering å ta nøkkelpersonar ut av den daglege drifta ein dag, så me vil gjera vårt beste for at alt skal gå greitt og at de får maks utbyte av dagen.

Frå juni kan me tilby overnatting i seks dobbeltrom i det nyopna hotellet vårt
Booking og førespurnader på: 95406135 eller post@storeringheim.no

 

Velkomne til oss!


 

 

 

 

mandag 8. april 2013

Vårfest eller sommaravslutting

Våren er her og sommaren nærmar seg, dei ljose tidene er komne og me får endeleg vona me ikkje har brukt opp finaveret for resten av året:)

Det er etterkvart tid til å tenkja på vårsamlingar og sommaravslutningsfestar.
I fjor hadde me mange kjekke samlingar og lystige lag i mai og juni og det ser ikkje ut til å verta mindre i år - tvert imot.
Så om de går med planar om ei kjekk samling med vener eller arbeidskameratar så er den beste staden å halda det her hjå oss med god mat, god drikke og rikeleg med plass både ute og inne - og kortaste vegen vert det og for dei fleste her me ligg midt mellom bygdebydn og fetlingane:)

Men, det er byrja å tetna seg litt til på dei mest populære dagane så det kan kanskje vera ein god ide å ta kontakt og reservera plass - detaljane kan me ta seinare:)

 

lørdag 6. april 2013

Spanande vårmeny

Då har kokken sett ihop ein spanande vårmeny full av rettar der han har lete kreativiteten og fantasien fenge fritt spelerom.
Me kan nemna kvitfisk dampa i bananlauv og Vossalam indrefilet grilla på spyd...mmmmmmm:)

Alle rettane er sjølvsagt laga frå botnen og med råvarer som i helst kjem frå Vestlandet og Voss.

Ta turen oppom og prøv litt ekta mat som ein ikkje får kvarsomhelst:)


Meny april 2013


Forrettar

Risotto i parmesankorg med sopp frå Vossaskogane   og salat

Kr 115,-
 

Spekemattallerken med sprakasaus og salat

Kr 115,-
 

Vårsalat med steikt kjukling             

Kr 105,-
 

Dagens suppe, spøt servitørenJ

Kr 95,-
 

Hovudrettar

Grilla Vossalam indrefilet på spyd, råsteikte poteter, grønsaker og heimalaga barbequesaus

Kr 325,-


Kjuklingrulettar med sopp frå Vossaskogane, cous cous og krema ostesaus

Kr 295,-
 

Biff tournados av indrefilet frå Selheim, borretanlauk i balsamico og kryddersmør

Kr 325,-
 

Kvitfisk og grønsaksalsa dampa i bananlauv, risnudlar

Kr 285,-
 

Dessertar

Heimalaga creme brulèe

Kr 95,-
 

Ostekaka med blåbær

Kr 95,-
 

Ostetallerken med utval av lokale ostar

Kr 115,-
 

Iskrem frå Alm Gard

Kr 105,-