mandag 27. august 2012

Store Ringheim i Nationen

For ei tid sidan hadde me vitjing av Nationen på garden. Dei tok bilete av både oss og katten og har no skrive ein reportasje frå vitjinga.
Denne ligg her
Det er tilsaman 8 bilete som de kan sjå ved å klikka att og fram oppe.

Kjekt:)

Meny veke 35

Då er me komne til siste veka i august allereie, litt vemodig men på hi sido sett så går me inn i ei spanande mattid. No kjem haustetida, udladottane skal ned frå fjellet, hjort, rein og elg kan kanskje koma rekande inn på kjøkenet og menyen vår - kven veit (unnateke meg då)

Denne veka har me ikkje heilt kome der enno med unnatak av Vossasoppsausen til biffen frå Selheim då. Eg hadde ein fin tur i soppskogen i går og fann både steinsopp, granmatrisker, kantarellar, piggsopp og ei mengd kremler av den gode sorten så det skal nok verta saus med smak:)

Her er menyen og hugs - torsdag til søndag 17.00 - 21.00 eller kortid som helst om de er fleir enn ti og ynskjer ei hyggeleg samling i god atmosfære og ekta, god mat.


Meny veke 35

Forrettar

 Aspargessuppe med heimalaga brød

Kr 90,-

Avocado – kjuklingsalat

Kr 90,-

Sjømatspyd i mangosalsa og salat

Kr 110,-

 Hovudrettar

 Kveitefilet i kaperssaus med potetpurée og grønsaker

Kr 285,-

Okse ytrefilet frå Selheim i Vossasoppsaus med råsteikte poteter og grønsaker

Kr 320,-

Dessertar

Varm gulrotkaka med is frå Alm Gard

Kr 95,-

Is frå Alm Gard

Kr 95,-

torsdag 23. august 2012

Slutt på Sommarlunsjen for i år

Forrige helg var den siste i år med lunsjservering hjå oss.

Sommaren er over, desverre - eller kanskje lika greitt slik han har arta seg. Det er nok berre i meteorologiske statistikkar han er varmare enn normalt.

Me hadde ei satsing på lunsjservering i sommar der me serverte enklare, men svært gode, heimalaga lunsjrettar til ein rimeleg pris. Det var forsåvidt ein suksess, ikkje slik at me vart nedrende med folk men dei som kom var svært nøgde både med mat og service.

I motsetnad til dei fleste andre lunsjstader på Voss tek me tingingar og serverer ved bordet slik at lunsjpausen vert ein pause 100% og gjesten slepp å kasta vekk dyrbar pausetid i kassakø.

Nokon økonomisk suksess vart det ikkje men me kjem likevel til å gjera det omatt til neste år, det skal ikkje så mange fleir innom før overskotet er i sikte:) Me vonar at alle som var innom i år tek turen att til neste år og tek med seg alle sine kjende, då har me eit grunnlag for å gjera dette årleg.

Vidare utetter hausten har me vanleg opningstid torsdag til søndag 17.00 - 21.00 for ala carte servering.