torsdag 20. november 2014

Store eller små jolasamkomer - her er rette staden


Mørketida er over oss, me har hatt regn og flaum men stort sett bra ver og tørt. Korkje frost eller snø så langt.

Hausten er ikkje berre mørkre og dårleg ver, det er og tida for å gjera noko saman. Jola nærmar seg og med den tida for store og små jolesamkomer.

Hjå oss har nissane kome fram frå skåpet og tittar fram mellom stokkar og tømmer, nokre er tilogmed vorte rett så akrobatiske i stigen i floren.

Me har sjølvsagt jolabord og dans med helgane, men me har også plass til alle dekan som ikkje nødvendigvis ser føre dekan den store feiringa. Ei roleg feiring med gode vener, dameklubben, pensjonistlaget, matentusiastar eller berre                                                                                     familien passar heilt fint hjå oss, me har rolege                                                                                     rom og krokar der ein kan sitja for seg sjølv eller koselege bord der ein kan kosa seg i lag med andre i same ærend.

Me serverer jolamat til dei som vil ha det og vanleg mat til dei som vil ha det men grupper over ti personar må velja same meny.

Så går du ikring og lurar på å ha ein hyggeleg kveld med vener eller familie, eit lite firma, lag, klubb o.l. ta berre fram telefonen og ring oss på 95406235 eller send ein epost til post@storeringheim.no så ordnar me i saman ein hyggeleg kveld for dykk.

søndag 26. oktober 2014

Halvor Heuch - Norsk drikke til Norsk mat

Bilete frå Din Mat
Halvor Heuch, sjølvaste mr Akevitt, sjefsdestillatør i Arcus, kjem til Voss og oss på Store Ringheim 13.11.

Me ser på det som ei stor ære at han fann tid til å koma her for å snakka om og visa korleis ein kan setja ihop ein heilskap av Norsk mat og Norsk drikke.

Opplegget vert slik at Halvor først vil ha eit lite kåseri (kurs) med bilete der han fortel om mat og akevitt.

Bilete frå Horecanytt
Deretter går me til bords og får servert ein god seks rettars middag med øl og akevitt.
Ein byrjar med det ljose lette til forrettar frå hav og innlandsvatn. Her er det lett akevitt og ljost øl.
Så vert det hovudrettar der ein også svingar innom indre strøk på Vestlandet med litt røykt mat mellom anna, no vert det kraftigare akevitt og øl.
Til sist kjem dessertane. Først er det ein trilogi med kraftig, barsk ost med ditto følgje før ein gjev seg over til det søte i følgje med akevittlikør og mørkt øl.

Bilete frå Aperitif
Hildrande du, den som ikkje er i himmelen då veit knapt sitt eige beste


Heile sesjonen med kåseri og middag med øl og akevitt kjem på kr 975,-. Ei rimeleg investering for å få eit glytt inn i ei verd du knapt trudde fanns, guida fram av den fremste kjennaren her i landet.

Er det noko for deg eller verksemda di kan de melda dykk på på 95406135 eller post@storeringheim.no

Me har ikkje uavgrensa med plassar så her er det første mann til mylne som gjeld,
Hjarteleg Velkomne til ein kveld utanom det vanlege:)

tirsdag 7. oktober 2014

Jolalunsj - Julelunsj

Jolalunsj - Julelunsj


Dersom eit heilt jolabord er litt mykje eller kanskje de vil feira på ein annan måte...då er ein hyggeleg jolalunsj hjå oss her på Store Ringheim tingen.
Me har teke utgangspunkt i den koselege Danske tradisjonen med "Julefrokost" og modifisert den litt til Norske forhold.
Tenk på eit koseleg pynta rom med fyr i peisen eller ei tømmerstove, fint pynta bord med levande ljos, kvit duk og blomar. Der kan de sessa dykk i lag med gode vener eller kolleger til eit hyggeleg lag med god mat ein ettermiddag før jol.Etter ei hyggeleg stund med småprat og avslapping kjem så maten på bordet, først kjem dei kalde forrettane og vert plassert midt på bordet så de kan forsyna dykk og senda rundt til alle, ein sosial og kjekk måte å ha eit uformelt måltid på.
Etter ei stund er første omgang ferdig, bordet vert rydda før andre omgang, den varme maten kjem så med angen av jol rundt seg - her er både ribbe med sprø svor, jolatorsk og anna godt servert på same vis så her er det berre å gå laus igjen. Folk pratar og ritlar og tek nett ein liten skål i ny og ne - stemninga stig.
Høyrest dette ut som ei fin jolaavlslutting for dykkar firma eller lag så må de gjerne ta kontakt på 95406135 eller post@storeringheim.no
Me har ulike alternativ som de kan velja mellom.

Me byrjar litt tidlegare enn jolaborda, gjerne allereie i tretida på ettermiddagen, det er uformelt så ein kan gjerne koma rett frå jobb for ei hyggeleg samkome før jol.


De vert tekne i mot av ein hyggeleg servitør som viser dykk til rette ved bordet og fortel litt om maten før han byd på drikke til maten.

Servitøren syter for at de har det de treng av drikke osv.

Til sist vert det tomt med denne omgangen og, same prosedyre vidare - rydding og fram med nye fat og kaffikoppar for no vert det dessert og kaffi. Denne vert også servert på same måte og sørgjer for ein fin slutt på ein koseleg ettermiddag/kveld.



søndag 21. september 2014

Meny hausten 2014

Hausten er komen og me kan fråtsa i fantastiske råvarer.

Me har laga ein ny meny som skal vara fram til jol som ber preg av dette, for å få plass til alle godsakene har me laga utvalet større enn me vanlegvis har på menyane våre så det er god sjanse for at alle skal finna noko dei likar.

Her er menyen

Meny Haust 2014

Varme forrettar

Sjømatsuppe med krabbe,reker og skjell med brødkrutongar                                                   Kr 180,-              
Fylt fersk sopp med tomatsaus og ruccula                                                                               Kr 145,-

Kalde forrettar

Matjes av jomfrusild på ei seng av cherrytomat og raudlauk med paprikasaus og salat           Kr 135,-

Heimalaga rudlepylsa med chutney og raudbet/mizuna salat                                                    Kr 145,-

Fisk

Grilla torsk med potetpure og sprø gulrot, kvitlauk/olivenoljesaus                                            Kr 290,-

Aure frå Jølster med fersk krabbe, artisjokk og grovhakka poteter                                            Kr 295,-

Villaks frå Vosso, ovnsbakt med pastinakkpure og koriandersaus                                             Kr 290,-

Dagens fisk frå Domstein                                                                                                           Kr 285,-

Kjøt

Confitert ytrefilet av Vossalam med rosenkål, purre og raudvinssaus                                       Kr 305,-

Langsteikt svinenakke med kokt kål, eplepure og poteter                                                          Kr 310,-

Steikte andelår frå Gårdsand med aspargesrisotto                                                                      Kr 300,-

Dagens vilt om tilgjengeleg                                                                                                        Kr 320,-

Pasta og Risotto

Risotto med fersk skogssopp                                                                                                      Kr 220,-

Spaghetti Carbonara                                                                                                                   Kr 210,-

Dessertar

Vaniljepannacotta med raunebærlokk                                                                                        Kr 110,-

Molteverrin med molter frå Stølsheimen                                                                                    Kr 115,-

Hardangereplepai med sitron og honningsorbet frå Alm Gard                                                  Kr 110,-


Ostatallerken med ostar frå nærområdet                                                                                     Kr 120,-


Freistande - ring 95406135 og prøv då vel:)

Smalahove i godt lag

Smalahove, berre ordet gjev entusiastane vatn i munnen, og no er tida komen att. 

Som ein kompensasjon for regn, kulde og mørkare tider har forsynet gjeve oss smalahovet til trøyst, det skal njotast i lag med gode vener på ein rustikk stad som i ein gamal låve her hjå oss.

I godt fylgje med lokalt øl frå Slumpelukko bryggeri smalahoveakevitt.

Å hildrande du kor kjekt det er å koma inn i tunet medan smalahoveeimen lurar seg inn i nasebora, glade andlet og forventingsfullt sinn.
Sessa seg i tømmerstovo med tømmer frå 1684 og den tid, levande ljos og gode stolar.
Ein liten prøvesmak på kveldens øl før heidersgjestane, smalahova vert borne inn, dampande rett frå gryto i fylgje med nepestappa og poter, og nett ein pylsesnabb av Skårakorv for dei som ikkje heilt klarar metta seg på berre hovudet.

Glad lått, god stemning, skåltalar og song. Ja no er tida komen att.

Ring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

Jolabord 2014

Jolabord på Store Ringheim (trykk på linken)

Velkomne til oss:)


De kjem inn i tunet forventingsfulle og klar til ein fin kveld i lag med gode vener og arbeidskameratar, det ligg litt snø på bakken og eimen av dampande pinnakjøt sig rundt i mørknet. Faklar og levande ljos viser vegen opp låvebrua og til døra som er skiljet mellom ein tilsynelatande grå og sliten låve til ei anna verd innanføre.

Der står ei rad med sprudlande glas med Kvasshovden frå Nils Lekve i Ulvik og tek imot dekan, jolastemninga sig inn i den jolapynta låven medan praten går laust og ledig.

Kanskje ein titt på utstillinga av trykk og akvarellar frå Sveinung Iversen, den heng i galleriet ved inngangen og pyntar fint opp på dei grove tømmerveggene.

Glaset tømest og vertskapet ringlar med ei smalabjødla og bed til bords. De sig så inn i dykkar rom og sessar dekan hjå bordet.
Kjekke servitørar svinsar rundt og serverer drikke og kvelden dykkar byrjar.

Ingen kø rundt buffeten - her vert maten servert ved bordet, tre heile rettar.
Ein forrett med noko lettare frå vatn eller sjø, så kjem høgdepunktet - årets pinnakjøt, salta og røykt på garden etter gamal oppskrift kjem dampande rett frå gryto og på bordet, Vossalam slakta på Selheim sjølvsagt. Tradisjons tru vert det servert med nepestappa og poter og ein stykke Skårakorv frå Aslaug Skår hjå Skåramat.
Nett eit glas med Globetrottar frå Slumpelukko og ein Smalahoveakevitt så kjenner ein at himmelen er nær.
Til sist ein god dessert som sig ned mellom resten og ein god kopp kaffi kanskje fulgd av eit glas Apal frå Ulvik.

Magen har fenge sitt - no er det tid for fest.
Tenestefolket ryddar borda og naboen vår, Laine De Wolfe sessar seg bak flygelet og spelesakene sine og fengande dansemusikk fyller lokalet og dei danseglade kan sleppa seg laus utover dei små timane, medan andre kan sitja i krokar og rom og røda i fred og ro om alt og inkjevetta.

Slik ser me føre oss at de vil ha ei triveleg avslutting på året..ring oss på 95406135 eller send oss førespurnad på post@storeringheim.no og prøv sjølv:)

torsdag 11. september 2014

Merete Bø - Godsaker frå Burgund

Merete Bø, Vossajenta og ein av Noregs beste vinkjennarar ærar oss med ei vitjing 9. og 10. oktober i haust.

Ho var her også i vår og tok då føre seg vinmarkene i Piemonte distriktet i Italia. Det var ein stor success med fullt hus to kveldar på rad. Først foredrag med smaking og så god mat etterpå i restauranten vår der dei nyvunne kunsskapane kunne testast.

Det vert mykje det same no i oktober men no konsentrerar ho seg om Burgund i Frankrike, det andre av favorittområda hennar  i vinverda.

Desse vinane vert presenterte der:

  1. Arlaud Charmes-Chambertin Grand Cru 2008 Rødvin
  2. Dom. Daniel Rion Chambolle-Musigny Vieilles Vignes 2009 Rødvin 
  3. d' Angerville Volnay 1er Cru Champans 2007 Rødvin 
  4. Roche de Bellene Meursault les Charrons 2011 Hvitvin 
  5. Matrot Puligny Montrachet 1er Cru Chalumeaux 2007 Hvitvin 
  6. Blain-Gagnard Chassagne Montrachet 2012 Hvitvin 
Det skulle vera eit rimeleg bra beite for Vossingar og andre som dei seinaste tiåra er vortne meir kresne på Kva dei leskar strupen med.

Som sist lagar me sjølvsagt til ein god meny som kan nytast etter hendinga. Denne er ikkje klar enno men vil garantert ta utgangspunkt i tilgjengelege råvarer no om hausten som vilt, lam, rotgrønsaker og skogssopp.

Det vert sikkert fullt sidan me har avgrensa med plassar, nytta høvet til å læra litt om eit godt vindistrikt frå ein verkeleg spesialist og avslutt med ein god middag.

Ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

fredag 25. juli 2014

Sommarmeny 2014

Mario Vasconcelos styrer kjøkenet no og det er dermed vorte litt Portugisisk vri på menyen vår som me startar med i dag og som varar litt ut i september.
Men Portugisisk vri tyder sjølvsagt ikkje Portugisiske råvarer, dei hentar me framleis så lokalt som råd frå Selheim (Voss Gardsslakteri), Homlagarden (økologisk kalkun) og fisk frå havet utanføre her via Domstein.

Menyen er sett opp slik med to kalde forrettar, to varme, tre fiskerettar, tre kjøtrettar, fire rettar til dei mindre svoltne eller lunsjgjester og 5-6 dessertar.

Her kan då gjestene velja rettar til tre rettarstilbodet på kr 450 eller fire rettarstilbodet til 500,-, me har også ulike vinpakker som passar til desse tilboda.

Meny

Kalde Forrettar

Kald, frisk melonsuppe med Porto LBV og mynte
Kr 110,-

Røykt laks med ruccola og urte/olivenolje
Kr 115,-

Varme Forrettar

Cappuchino av sopp frå Vossaskogane med fløyte og sprøtt bacon (suppe)
Kr 120,-

Portugisiske mini torskepannekaker med tomat og koriandersalat.
Kr 135,-

Hovudrettar - Fisk

Torskeduett på salta blanda paprika og kneppte poteter med urter
Kr 295,-

Villaks grilla med selleripuree og ferske grønsakstenger
Kr 290,-

Dagens fisk frå Domstein
Kr 285,-

Hovudrettar -  Kjøt

Svinenakke steikt i kvitlauksolivenolje, heimalaga potetchips, blanda salat og grilla ananas
Kr 300,-

Langsteikt lårfilet av økologisk Kalkun frå Homlagarden i Hardanger med aspargesrisotto og cherrytomater
Kr 315,-

Langsteikt entrecote frå Selheim med gulrotpuree, steikte poteter og tartarsaus.
Kr 310,-

Pasta og Risotto

Risotto med sjømat
Kr 250,-

Risotto med fersk skogssopp frå Vossaskogane
Kr 220,-

Tagliatelli med røykt torsk og korianderolivenolje
Kr 225,-

Spaghetti med bacon, egg og Gran Padanaost
Kr 210,-

Dessertar

Jordbærmousse av Ringheimsjordbær med sprø karamell
Kr 110,-

Ananascarpacchio med sjokoladevulkan og vaniljeis
Kr 115,-

Eggpudding i fruktminestrone med kanel
Kr 110,-

Frukttallerken
Kr 100,-

Utval av is frå Alm Gard
Kr 105,-

Ostetallerken med utval av Norsk ost
Kr 120


Tre rettar tilbod kr 450,-     4 rettar tilbod kr 500,-   5 rettar og oppover kr 50,- pr rett.

Ta turen oppom, vel verdt bryet:)

onsdag 21. mai 2014

Tripadvisor Certificate of Excellence

Certificate of Excellence

Fantastic news, we are awarded with Tripadvisors Certificate of Excellence!!

We are doing our best for giving our guests a good experience when they honour us with a visit and it feels good and rewarding when they appreciate our effort, thank you all:)
We consider this certificate as an obligation to keep on delivering and will during the coming year work hard to maintain our good relation with our guests.

We wish you all welcome to Store Ringheim

PS. Since most of our readers at present are foreigners future posts in the blog will be in English, we apologize for any inconvenience this may cause for our Norwegian readers.

torsdag 10. april 2014

Jazzmeny til Vossajazz 2014

Har vore litt stille her ei lita stund men skal prøva å verta litt meir meddelsom heretter:)

Me har i høve Vossajazz komponert ein god Jazzmeny som svoltne musikkelskarar og andre kan nyta i fred og ro her oppe hjå oss og samla krefter til ei lang og hyggeleg natt.
Det er Lennart, påskevikaren vår, med lang fartstid frå ein travel restaurant i Gøteborg som står bak åndsverket og her er verkeleg ein del godsaker å setja tennene i.
Me kan som vanleg lova godt følgje av kulturprodukt frå Voss, Ulvik, Flåm, Leikanger og Florø i tillegg til meir ålmenne saker, spesielt då med gode raude naturprodukt frå Italia og Frankrike:)

Her er åndsverket:)

Jazzmeny
11-13.04 frå 14.00 – 21.00 (+ala carte 17 – 21)
Chiabatta med heimalaga kvitlaukssmør
Kr 79,-
*
Klassisk Cæsarsalat med kjuklingfilet, krutongar, bacon frå Vossakjøt og salat
Kr 198,-
*
Pasta Carbonara med bacon frå Vossakjøt, sjampinjong, egg, Parmesan og ruccola.
Kr 189,-
*
Vegetarpasta med marinerte tomater, raudlauk, timian, ruccola og Parmesan.
Kr 189,-
*
Ta ein pause frå ståket og unn deg noko spesielt
Store Ringheim Hotell og Restaurant  - 1,1km frå torget mot Voss Folkemuseum. God drikke frå Voss, Hardanger og Sogn med meirJ  
Ring og ting på 95406135 eller stikk innom