søndag 21. september 2014

Jolabord 2014

Jolabord på Store Ringheim (trykk på linken)

Velkomne til oss:)


De kjem inn i tunet forventingsfulle og klar til ein fin kveld i lag med gode vener og arbeidskameratar, det ligg litt snø på bakken og eimen av dampande pinnakjøt sig rundt i mørknet. Faklar og levande ljos viser vegen opp låvebrua og til døra som er skiljet mellom ein tilsynelatande grå og sliten låve til ei anna verd innanføre.

Der står ei rad med sprudlande glas med Kvasshovden frå Nils Lekve i Ulvik og tek imot dekan, jolastemninga sig inn i den jolapynta låven medan praten går laust og ledig.

Kanskje ein titt på utstillinga av trykk og akvarellar frå Sveinung Iversen, den heng i galleriet ved inngangen og pyntar fint opp på dei grove tømmerveggene.

Glaset tømest og vertskapet ringlar med ei smalabjødla og bed til bords. De sig så inn i dykkar rom og sessar dekan hjå bordet.
Kjekke servitørar svinsar rundt og serverer drikke og kvelden dykkar byrjar.

Ingen kø rundt buffeten - her vert maten servert ved bordet, tre heile rettar.
Ein forrett med noko lettare frå vatn eller sjø, så kjem høgdepunktet - årets pinnakjøt, salta og røykt på garden etter gamal oppskrift kjem dampande rett frå gryto og på bordet, Vossalam slakta på Selheim sjølvsagt. Tradisjons tru vert det servert med nepestappa og poter og ein stykke Skårakorv frå Aslaug Skår hjå Skåramat.
Nett eit glas med Globetrottar frå Slumpelukko og ein Smalahoveakevitt så kjenner ein at himmelen er nær.
Til sist ein god dessert som sig ned mellom resten og ein god kopp kaffi kanskje fulgd av eit glas Apal frå Ulvik.

Magen har fenge sitt - no er det tid for fest.
Tenestefolket ryddar borda og naboen vår, Laine De Wolfe sessar seg bak flygelet og spelesakene sine og fengande dansemusikk fyller lokalet og dei danseglade kan sleppa seg laus utover dei små timane, medan andre kan sitja i krokar og rom og røda i fred og ro om alt og inkjevetta.

Slik ser me føre oss at de vil ha ei triveleg avslutting på året..ring oss på 95406135 eller send oss førespurnad på post@storeringheim.no og prøv sjølv:)