torsdag 21. mars 2013

Årets påskatilbod på Skjærtorsdag

I fjor hadde me hengjande att ein del pinnakjøt etter jolabordsesongen som me laga ei rimeleg og god restaveitla på, det har me ikkje i år. Pinnakjøtet vårt vart so populært at det vart ete til siste beinet:)

Men sjølve ideen om ein rimeleg fest for påskegjestene vil me halda fram med, så i år har me komponert ein spanande 4 rettars meny komplett med litt musserande ved ankomst og kaffi til desserten. Me kunne sjølvsagt røpa menyen her og no men velgjer å å vera litt løyndomsfulle..
men vil likevel nemna at pinnakjøt av hjort vert den eine hovudretten. (så litt pinnakjøt vart det likevel)

Me har ikkje all verden med hjortapinnakjøt så me må avgrensa talet på gjester til eit triveleg langbord i resturanten. Det kan vera lurt å vera tidleg ute å melda seg på:)

Heile festmiddagen med aperitif og kaffi innaot kjem på hyggelege 450,- pp

Spring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no :)
 

tirsdag 19. mars 2013

Store Ringheim Hotell

Nytt på Voss -eit lite hotell- ei perle er pussa- slik at ho kan skina for alle igjen.

Me restaurerer gamlahuset attende til fordums prakt og byggjer det om til eit lite, sjarmerande hotell med seks særprega soverom; Stovo, kjøkjen, lemmen, kammerset, øpstelemmen og eldhuset er gamle velkjende navn i huset og desse er no vorte namna på dei ulike romma.

Romma vert ulike, somme stader viser dei solide tømmerveggene medan det andre stader vert tapet og måling, fine skal dei verta uansett og kanskje finast vert eldhuset som er ei gamal årestove frå 1700 talet med mykje historie i røykte vegger og tak med ljore i mønet. Skal ikkje sjå bort frå at her er eit hyggeleg skrømt på lur i krokane:)

Kvart rom får eit vakkert flislagd bad med skifer på golva.

I stille og vakre omgjevnad kan du nyta utsikta og eit godt måltid .

Frukosten vert servert i restauranten i løo, nok ein tradisjonsrik stad.

Kort sagt har me flytta komfort og luksus som ein forbind med eit godt hotell inn i verkeleg historiske råmer i det gamle gardstunet vårt.

Me vonar at gjestene våre set pris på staden og likar seg her.
Her er det både stille og fredleg samstundes som det er sentrumsnært - 5min.med bil og 20 min. gange så er du midt i sentrum.