Viser innlegg med etiketten Promo. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Promo. Vis alle innlegg

fredag 8. mai 2015

17. Mai på Store Ringheim



Me vonar på ein skikkeleg fin 17. mai med sol, bunad, badnatog, kjentsfolk og mykje is, brus og sjokolade. Deretter skøy for ungane på skuleplassane rundt omkring i grendene.

Deretter folkens, om de framleis har krefter att, passar det fint med ein god, avslappande middag på Store Ringheim:)
Me har ikkje noko spesiell meny for dagen men den nye sommarmenyen vår er både spanande og god:)

Me har ope frå fem eller litt før om de ynskjer det, ring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

Ha ein fin 17.mai:)

mandag 9. mars 2015

Pinnakjøtdagen Skjærtorsdag

Røyking av pinnakjøt og rudlepylsa sept i fjor
Kvar Skjærtorsdag har me til tradisjon å eta opp resten av pinnakjøtet etter jolabordsesongen, så også i år.
Me har att litt pinnakjøt, i alle fall til 30-40 gjester, og ser føre oss å halda eit gjilt gjestabod på desse restane til ein rimeleg pris.

Opplegget vert som før:
  • Kvasshovden sider som aperitif ved ankomst kl 19.00
  • Forrett
  • Pinnakjøt og Skårakorv med poter og nepestappa.
  • Dessert
Etter maten er det sjølvsagt råd å kosa seg utover kvelden og kanskje det dukkar opp litt underhald og:)

Om dette høyrest ut som ein fin slutt på vinteren og ein god start på Påsken og våren er det berre å ringja og tinga på 95406135 eller på post@storeringheim.no

fredag 6. februar 2015

Den store kjærleikskvelden, valentin dagen

So er tida for kjærleik og samhald komen att, helgenen Valentin skal feirast med kort, blomar og kjærleiksfyllte augnekast over ein romantisk middag med levande ljos på ein romantisk restaurant...som her hjå oss.

Og i år har me lagt oss skikkeleg i selen og klekt ut ein retteleg romantisk god meny til ein verkeleg god pris. Og meir romantiske omgjevnader enn her er vondt å finna, her vil alle hjerter kunna smelta :-]

Kokken og eg har kost oss for å finna på det beste som kan passa for denne kvelden og enda opp med heile seks rettar som me var nøydde å ha med.
Sjå menyen nedanføre.
 Prisen er det heller ingenting å sei på, kun kr 550,- for heile stasen inklusiv eit glas sprudlande når de kjem.
Påmelding på 95406135 eller post@storeringheim.no er naudsynt, med siste frist  fredag ettermiddag.

I tillegg til maten har me og sett i saman ei god vinpakke til kr 350,-

Valentinmeny

Aperitif: Kvasshovden sider

Forrett 1: Hjarteleg Vossalambterrin

Forrett 2: Serranoroser i melonglas

Hovudrett 1: Vossolaks marinert med kjærleik

Hovudrett 2: Kosegris frå Frå Selheim med potetreir

Dessert 1: Sensuell sjokoladefondant med dekadent jordbærsaus

Dessert 2: Uante gleder


Vinpakke


1 gl Riesling
1 gl Chardonnay
1 gl Grenache Syrah
1 gl Moscato D`Alba


torsdag 20. november 2014

Store eller små jolasamkomer - her er rette staden


Mørketida er over oss, me har hatt regn og flaum men stort sett bra ver og tørt. Korkje frost eller snø så langt.

Hausten er ikkje berre mørkre og dårleg ver, det er og tida for å gjera noko saman. Jola nærmar seg og med den tida for store og små jolesamkomer.

Hjå oss har nissane kome fram frå skåpet og tittar fram mellom stokkar og tømmer, nokre er tilogmed vorte rett så akrobatiske i stigen i floren.

Me har sjølvsagt jolabord og dans med helgane, men me har også plass til alle dekan som ikkje nødvendigvis ser føre dekan den store feiringa. Ei roleg feiring med gode vener, dameklubben, pensjonistlaget, matentusiastar eller berre                                                                                     familien passar heilt fint hjå oss, me har rolege                                                                                     rom og krokar der ein kan sitja for seg sjølv eller koselege bord der ein kan kosa seg i lag med andre i same ærend.

Me serverer jolamat til dei som vil ha det og vanleg mat til dei som vil ha det men grupper over ti personar må velja same meny.

Så går du ikring og lurar på å ha ein hyggeleg kveld med vener eller familie, eit lite firma, lag, klubb o.l. ta berre fram telefonen og ring oss på 95406235 eller send ein epost til post@storeringheim.no så ordnar me i saman ein hyggeleg kveld for dykk.

søndag 26. oktober 2014

Halvor Heuch - Norsk drikke til Norsk mat

Bilete frå Din Mat
Halvor Heuch, sjølvaste mr Akevitt, sjefsdestillatør i Arcus, kjem til Voss og oss på Store Ringheim 13.11.

Me ser på det som ei stor ære at han fann tid til å koma her for å snakka om og visa korleis ein kan setja ihop ein heilskap av Norsk mat og Norsk drikke.

Opplegget vert slik at Halvor først vil ha eit lite kåseri (kurs) med bilete der han fortel om mat og akevitt.

Bilete frå Horecanytt
Deretter går me til bords og får servert ein god seks rettars middag med øl og akevitt.
Ein byrjar med det ljose lette til forrettar frå hav og innlandsvatn. Her er det lett akevitt og ljost øl.
Så vert det hovudrettar der ein også svingar innom indre strøk på Vestlandet med litt røykt mat mellom anna, no vert det kraftigare akevitt og øl.
Til sist kjem dessertane. Først er det ein trilogi med kraftig, barsk ost med ditto følgje før ein gjev seg over til det søte i følgje med akevittlikør og mørkt øl.

Bilete frå Aperitif
Hildrande du, den som ikkje er i himmelen då veit knapt sitt eige beste


Heile sesjonen med kåseri og middag med øl og akevitt kjem på kr 975,-. Ei rimeleg investering for å få eit glytt inn i ei verd du knapt trudde fanns, guida fram av den fremste kjennaren her i landet.

Er det noko for deg eller verksemda di kan de melda dykk på på 95406135 eller post@storeringheim.no

Me har ikkje uavgrensa med plassar så her er det første mann til mylne som gjeld,
Hjarteleg Velkomne til ein kveld utanom det vanlege:)

tirsdag 7. oktober 2014

Jolalunsj - Julelunsj

Jolalunsj - Julelunsj


Dersom eit heilt jolabord er litt mykje eller kanskje de vil feira på ein annan måte...då er ein hyggeleg jolalunsj hjå oss her på Store Ringheim tingen.
Me har teke utgangspunkt i den koselege Danske tradisjonen med "Julefrokost" og modifisert den litt til Norske forhold.
Tenk på eit koseleg pynta rom med fyr i peisen eller ei tømmerstove, fint pynta bord med levande ljos, kvit duk og blomar. Der kan de sessa dykk i lag med gode vener eller kolleger til eit hyggeleg lag med god mat ein ettermiddag før jol.Etter ei hyggeleg stund med småprat og avslapping kjem så maten på bordet, først kjem dei kalde forrettane og vert plassert midt på bordet så de kan forsyna dykk og senda rundt til alle, ein sosial og kjekk måte å ha eit uformelt måltid på.
Etter ei stund er første omgang ferdig, bordet vert rydda før andre omgang, den varme maten kjem så med angen av jol rundt seg - her er både ribbe med sprø svor, jolatorsk og anna godt servert på same vis så her er det berre å gå laus igjen. Folk pratar og ritlar og tek nett ein liten skål i ny og ne - stemninga stig.
Høyrest dette ut som ei fin jolaavlslutting for dykkar firma eller lag så må de gjerne ta kontakt på 95406135 eller post@storeringheim.no
Me har ulike alternativ som de kan velja mellom.

Me byrjar litt tidlegare enn jolaborda, gjerne allereie i tretida på ettermiddagen, det er uformelt så ein kan gjerne koma rett frå jobb for ei hyggeleg samkome før jol.


De vert tekne i mot av ein hyggeleg servitør som viser dykk til rette ved bordet og fortel litt om maten før han byd på drikke til maten.

Servitøren syter for at de har det de treng av drikke osv.

Til sist vert det tomt med denne omgangen og, same prosedyre vidare - rydding og fram med nye fat og kaffikoppar for no vert det dessert og kaffi. Denne vert også servert på same måte og sørgjer for ein fin slutt på ein koseleg ettermiddag/kveld.



søndag 21. september 2014

Smalahove i godt lag

Smalahove, berre ordet gjev entusiastane vatn i munnen, og no er tida komen att. 

Som ein kompensasjon for regn, kulde og mørkare tider har forsynet gjeve oss smalahovet til trøyst, det skal njotast i lag med gode vener på ein rustikk stad som i ein gamal låve her hjå oss.

I godt fylgje med lokalt øl frå Slumpelukko bryggeri smalahoveakevitt.

Å hildrande du kor kjekt det er å koma inn i tunet medan smalahoveeimen lurar seg inn i nasebora, glade andlet og forventingsfullt sinn.
Sessa seg i tømmerstovo med tømmer frå 1684 og den tid, levande ljos og gode stolar.
Ein liten prøvesmak på kveldens øl før heidersgjestane, smalahova vert borne inn, dampande rett frå gryto i fylgje med nepestappa og poter, og nett ein pylsesnabb av Skårakorv for dei som ikkje heilt klarar metta seg på berre hovudet.

Glad lått, god stemning, skåltalar og song. Ja no er tida komen att.

Ring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

Jolabord 2014

Jolabord på Store Ringheim (trykk på linken)

Velkomne til oss:)


De kjem inn i tunet forventingsfulle og klar til ein fin kveld i lag med gode vener og arbeidskameratar, det ligg litt snø på bakken og eimen av dampande pinnakjøt sig rundt i mørknet. Faklar og levande ljos viser vegen opp låvebrua og til døra som er skiljet mellom ein tilsynelatande grå og sliten låve til ei anna verd innanføre.

Der står ei rad med sprudlande glas med Kvasshovden frå Nils Lekve i Ulvik og tek imot dekan, jolastemninga sig inn i den jolapynta låven medan praten går laust og ledig.

Kanskje ein titt på utstillinga av trykk og akvarellar frå Sveinung Iversen, den heng i galleriet ved inngangen og pyntar fint opp på dei grove tømmerveggene.

Glaset tømest og vertskapet ringlar med ei smalabjødla og bed til bords. De sig så inn i dykkar rom og sessar dekan hjå bordet.
Kjekke servitørar svinsar rundt og serverer drikke og kvelden dykkar byrjar.

Ingen kø rundt buffeten - her vert maten servert ved bordet, tre heile rettar.
Ein forrett med noko lettare frå vatn eller sjø, så kjem høgdepunktet - årets pinnakjøt, salta og røykt på garden etter gamal oppskrift kjem dampande rett frå gryto og på bordet, Vossalam slakta på Selheim sjølvsagt. Tradisjons tru vert det servert med nepestappa og poter og ein stykke Skårakorv frå Aslaug Skår hjå Skåramat.
Nett eit glas med Globetrottar frå Slumpelukko og ein Smalahoveakevitt så kjenner ein at himmelen er nær.
Til sist ein god dessert som sig ned mellom resten og ein god kopp kaffi kanskje fulgd av eit glas Apal frå Ulvik.

Magen har fenge sitt - no er det tid for fest.
Tenestefolket ryddar borda og naboen vår, Laine De Wolfe sessar seg bak flygelet og spelesakene sine og fengande dansemusikk fyller lokalet og dei danseglade kan sleppa seg laus utover dei små timane, medan andre kan sitja i krokar og rom og røda i fred og ro om alt og inkjevetta.

Slik ser me føre oss at de vil ha ei triveleg avslutting på året..ring oss på 95406135 eller send oss førespurnad på post@storeringheim.no og prøv sjølv:)

torsdag 11. september 2014

Merete Bø - Godsaker frå Burgund

Merete Bø, Vossajenta og ein av Noregs beste vinkjennarar ærar oss med ei vitjing 9. og 10. oktober i haust.

Ho var her også i vår og tok då føre seg vinmarkene i Piemonte distriktet i Italia. Det var ein stor success med fullt hus to kveldar på rad. Først foredrag med smaking og så god mat etterpå i restauranten vår der dei nyvunne kunsskapane kunne testast.

Det vert mykje det same no i oktober men no konsentrerar ho seg om Burgund i Frankrike, det andre av favorittområda hennar  i vinverda.

Desse vinane vert presenterte der:

  1. Arlaud Charmes-Chambertin Grand Cru 2008 Rødvin
  2. Dom. Daniel Rion Chambolle-Musigny Vieilles Vignes 2009 Rødvin 
  3. d' Angerville Volnay 1er Cru Champans 2007 Rødvin 
  4. Roche de Bellene Meursault les Charrons 2011 Hvitvin 
  5. Matrot Puligny Montrachet 1er Cru Chalumeaux 2007 Hvitvin 
  6. Blain-Gagnard Chassagne Montrachet 2012 Hvitvin 
Det skulle vera eit rimeleg bra beite for Vossingar og andre som dei seinaste tiåra er vortne meir kresne på Kva dei leskar strupen med.

Som sist lagar me sjølvsagt til ein god meny som kan nytast etter hendinga. Denne er ikkje klar enno men vil garantert ta utgangspunkt i tilgjengelege råvarer no om hausten som vilt, lam, rotgrønsaker og skogssopp.

Det vert sikkert fullt sidan me har avgrensa med plassar, nytta høvet til å læra litt om eit godt vindistrikt frå ein verkeleg spesialist og avslutt med ein god middag.

Ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

tirsdag 17. desember 2013

Filmsnutt frå Store Ringheim


Her er eit koseleg lite filmkutt frå programmet Det Norske Måltid som vart vist på TV2 24.11 i år og som kjem i reprise i melsdagane (romjula for uinvigde).
Her er det med litt meir frå huset og hotellet enn det som vart vist i programmet takka vera Lars Skaarer i Tellusworks som har miksa ihop denne snutten.

Ser det så koseleg ut at de vil prøva sjølve er det berre å ta ein telefonsamtale til 95406135 så ordnar me det enten det no gjeld grupper, firmasamlingar, familiehøgtidingar eller berre eit par som vil roa ned og kosa seg nokre dagar:)

fredag 15. november 2013

Det Norske Måltid 2013

Då fann me ut av kortid dette skal sendast:

Søndag 24.11.

"22:45 Det norske måltid 2 : 7
HD. Programleder Arne Hjeltnes og artist Heine Totland loser oss gjennom ulike landsdeler på jakt etter det beste norske måltidet.

Arne og Heine besøker det praktfulle Vestlandet. Her har de bestemt seg for å finne ut hvordan det henger sammen med blomster og bier, samt å finne den best tenkelige honningen. Til festmiddag på Voss, kommer Herborg Kråkevik med et knippe sanger. "
 
Det var ein herlig dag full av glede og sprudlande humør, resultatet av eitt og eit halvt døgn med organisert galskap kan de sjå på TV2 søndag den 24.11. kl 22.45
 
Litt bilete frå innspelinga nedanføre.
 




 

onsdag 4. september 2013

Jolabord eller firmasamling/kurs

Det er ikkje til å unngå, sola er på vill flukt bort frå oss og morgenstund med gull i munn er vorte morgenstund med skumring tung, slik går no året.
Men det er ikkje berre trist heller for no er det nemleg sesong for å samlast med gode vener eller kolleger og ha ei koseleg stund med god mat og drykk.

Store Ringheim er ein perfekt stad for slike samlingar, sjå berre her:
  • Kurslokale med prosjektor, internett, lyd og flip over.
  • God lunsj og pausemat
  • Kursvert til stades heila tida
  • Eit eige rom til disposisjon heile kvelden om de vil
  • Spesielle og koselege omgjevnader
  • God mat laga frå botnen- ikkje noko halvfabrikata her!
  • Tripadvisor rating: Excellent!
  • Så sant me finn rett kvalitet brukar me lokale råvarer
  • Vestlandsøl og sider er sjølvsagt tilgjengeleg
  • God musikk om de ynskjer det, Voss er velsigna med utal flinke musikarar i alle sjangrar.
Nytt av året er at de slett ikkje treng reisa heimatt om natta - me har opna eit pitte lite hotell med dei finaste og koselegaste romma på Voss. Det er ettertrakta så det er langt frå sikkert det er plass men er du så heldig kan me lova deg ei god natts søvn og ein skikkeleg god frukost dagen etter.
Me har fått ratinga "Extraordinaire" med 9,5 av 10 mogelege på booking.com:)




Fint å bu her:)










No nærmar også jolabordsesongen seg og me har alt byrja å få inn dei første tingingane. Veldig kjekt at gjester frå i fjor vil koma att i år:)
Me har ikkje vanleg jolabord med overdådige buffetar men satsar på ein skikkeleg tre rettars jolamiddag.

Opplegget er som følgjande:
  • Gjestene kjem mellom 18.30 og 19.00 og vert møtt med eit glas god sider frå Nils Lekve i Ulvik
  • Middagen startar kl 19.30 presis med heimalaga brød/smør og ein god forrett
  • Hovudretten vert pinnakjøt produsert her på garden og består av Vossalam frå Voss Gardsslakteri, korv frå Skåramat, nepestappa og poter.
  • Avslutningsvis ein god dessert og kaffi/te
  • Omrigging i det store rommet og spelemannen Laine DeWolf spelar opp til dans ut i dei små timar
  • Kort sagt - oppskrifta på ein koseleg kveld:)
Me reknar med å verta utselde heller fort på dei mest populære datoane så dette er ikkje noko å grubla på lengje - triv telefonen og ring 95406135 eller send ein epost til post@storeringheim.no og reserver plass. Det er ikkje så nøye med nøyaktig tal deltakarar no det tek me inntil ei veke før.

Hjarteleg velkomne til ein spesiell stad:)

 

torsdag 11. april 2013

Møte ut av huset?

Etterkvart mange verksemder har lagt møte som krev litt ekstra arbeidsro til Store Ringheim.
Me får gode tilbakemeldingar på at her finn dei den roen som skal til når ein skal gå i djupna på saker og ting, nye strategiar skal formast og viktige beslutningar fattast.

Nokre kurshaldarar er også byrja å bruka våre tenester når dei skal halda kurs.

Me tykkjer dette er ei gledeleg utvikling innan ei kundegruppe som me er rimeleg sikre på vil auka i tida framover.
Me vil arbeida for dette ved å fortsetja med å gjera alt for at ein møtedag hjå oss skal vera sutalaus for arrangøren slik at dei kan konsentrera seg om sitt utan å verta forstyrra av noko anna.

I desse dagar vil me senda ut flygebrevet under til Vossaverksemder, lokale kundar frå indre Hordaland er utruleg viktige for oss og me vonar på positiv respons.

                                Møte ute av huset?

 

På Store Ringheim har me god erfaring med å ta oss av møter og mindre konferansar.

Me kan tilby:

·         Roleg omgjevnad og god atmosfære perfekt for ei effektiv arbeidsøkt

·         Hjelpemiddel som prosjektor, skjerm, lyd, flip over, trådlaust internett og ein kursvert tilgjengeleg heile tida

·         Kaffi, te, vatn, frukt og småkaker på møterommet

·         God heimalaga lunsj servert i restauranten

·         Tre rettar middag om kvelden om det er ynskjeleg

Me veit det er ei investering å ta nøkkelpersonar ut av den daglege drifta ein dag, så me vil gjera vårt beste for at alt skal gå greitt og at de får maks utbyte av dagen.

Frå juni kan me tilby overnatting i seks dobbeltrom i det nyopna hotellet vårt
Booking og førespurnader på: 95406135 eller post@storeringheim.no

 

Velkomne til oss!