søndag 29. januar 2012

Opning 2012

Nedanføre kjem invitasjonen til å vera med på opninga for 2012. Me vil gjerne bed alle som har lyst til å vera med på ein koseleg kveld med god småmat frå kjøkkenet, litt informasjon frå oss og Svein Ivar om kva me har tenkt å tilby utetter året før me rundar av med ein times konsert med Olav Undeland og hyggeleg samvere utetter kvelden.
Me har avgrensa med plass så me må ha påmelding innan torsdag - først til mylne prinsippet så det er neppe lurt å drøya..


Opning 2012

Fredag 3. februar kl 18.00

Program:

Aperitif
Buffet med smakebitar frå Store Ringheim
og
Smakebitar frå Korea
Informasjon om tilboda frå Store Ringheim 2012
Informasjon om tilboda frå Svein Ivar Ringheim 2012
Demo av Bhuddistisk Te Seremoni
Konsert med Olav Undeland 

pris kr 100,- 

 Påmelding på tlf 95406135 eller post@storeringheim innan torsdag 2. februar. Avgrensa med plassar så først til mylne prinsippet gjeld J


Meny veke fem

Her kjem menyen for veke fem, mykje godt her og :)
På fredag vert det opning så då er det ikkje a la carte, men meld dykk på opninga, den vert ei fin avslutting på veka.



Meny veke 5


forrettar:

1.    
Tunfisk mousse, servert med urtesaus, reker og blanda salat.              Kr 110,-

2.    
Cæsar salat med steikt kylling, og heimelaga majones.                          Kr 100,-

3.    
Bisquit tomatsuppe med feta ost, servert med heimalaga brød.            Kr 90,-


Hovudrettar:

1.    
Dampa Salmalaks med grønsaker i hvitvin saus med reker, servert       Kr  280,-
      med steikt ris.

2.    
Kjuklingrudlar med asparges og bacon, servert med potemousse           Kr 260,-
      og karrisaus.

3.    
Spaghetti "Capellinni" med tomat og basilikum olje, servert med          Kr 190,-
     "Granna Padano" ost.


dessertar:

1.    
Sjokoladekaka, servert med vaniljesaus, iskrem og bær.                      Kr 100,-

2.    
Ostaplata (3 slags ost, frukt, kjeks)                                                     Kr 110,-

3.    
iskrem få Alm Gard                                                                               Kr 90,-


lørdag 28. januar 2012

Offisiell opning 2012

Neste fredag skal me ha offisiell opning på tilboda våre for 2012. Me vil ha musikk, små smakebitar frå kjøkkenet (fingermat), informasjon om tilboda våre osv. Me kjem attende her med fullt program så snart det er ferdig, også med invitasjon om å delta. Me skal prøva å laga program for ein triveleg ettermiddag - kveld her på Store Ringheim og vonar at folk vil møta opp og at planane våre for 2012 fell i god jord.

onsdag 25. januar 2012

NM

Då nærmar det seg NM i nordiske greiner her på Voss, mykje styr og mykje folk.
Me ligg ikkje akkurat i sentrum av Voss men me vonar det dryp litt på oss og. Me vil prøva å setja ut litt skilt og plakatar på strategiske stader og har ope frå torsdag for a la carte.
Me meiner i alle fall sjølve at me ville vera den perfekte staden å eta og kosa seg etter ein lang dag på NM.
Stikk innom frosne tilskodarar - me skal varma dykk :)

mandag 23. januar 2012

Litt drahjelp?

Det hadde vore til svært stor hjelp for ei nystarta lita verksemd om de som les denne bloggen hadde delt innlegga på Facebook om de synest det er noko andre kan ha nytte av - slik som menyane våre etterkvart som me publiserer dei. Enkelt er det og - berre trykk på ikonet for del dette på Facebook under innlegget eller oppe til venstre så ordnar det seg.
Me hatar å masa men me har avgrensa ressursar til marknadsføring og kommunikasjon og ser på dette som ein glimrande måte å nå ut til folk på...men då må de hjelpa til litt :)

På førehand takk :)

Ny bruk av gamle bygg

Eg var i Salhus i forrige veka og held eit lite foredrag om løa vår under eit møte om ny bruk av gamle landbruksbygg. De kan lesa referat og finna linkar her

søndag 22. januar 2012

Meny veke 4

Me vil endra meny på vekebasis no framover, menyane vil me publisera her. Gjer oss ei stor teneste og del dette på dykkar facebookprofil - me treng gjester :)


Meny Veke 4, 2012
forrettar:

1.      

Roastbeef med ovnsbakt eple, servert med kremet

chili saus, ristet brød, rucolla salat.          Kr 105,-

2.     

Tomat og mozzarella ost salat, med serranoskinka,

servert medbasilikum-eddik dressing.               Kr 95,-

3.     

Spicy lambasuppe, servert med heimalaga brød. Kr 85,-

 
Hovudrettar:

1.   
Dampa torskefilet med rissling, grønsaker og

sesamfrø, servert med grøne linser.          Kr 250,-

2.  
Lambafilet filet bakt i ovn, servert med poter og

pastinakkmousse, dampa cherrytomater og               Kr 310,-

mynte saus.                    

3.  
Penne Pasta med kjukling, grønnsaker og kremet

saus, servert med Grana padano ost.         Kr 190,-



Dessertar:

1.   
Eplekaka med valmuefrø, servert med vaniljesaus

og iskrem.                                       Kr 100,-

2.  
Ostaplate (3 slags ost, frukt, kjeks)         Kr 110,-

3.  
Iskrem frå Alm Gard                               Kr 90,-

Ny kokk :)

Då har me ein ny kokk på gang, han heiter Darius og kjem frå Litauen. Heldigvis snakkar han godt engelsk så det går bra.
Av 20 søkjarar var det ingen Nordmenn, men eit rikt utval frå heile Europa. Greitt nok det - dei er retteleg flinke å laga mat der og :)
Darius har lang røynsle frå ulike stader, mellom anna 4 år i Danmark på kro så det skal verta mykje spennande som kjem herifrå i tida framover.
Prinsippa ligg framleis fast - alt frå botnen og topp råvarer helst så nær ifrå som mogeleg. Me opnar no til å byrja med dagane fredag - søndag for a la carte. Fredag og laurdag frå 17.00 - 22.00 og søndag frå 15.00 - 20.00. Puben er sjølvsagt open lenger så om nokon vil kosa seg utover natta etter maten er det heilt fint :)

tirsdag 6. desember 2011

Reportasje frå Store Ringheim i bladet Rett Hjem

I magasinet Rett Hjem som dukka opp i posten i dag er det ein fin reportasje frå Store Ringheim.
Sjå denne linken.
Mykje fine bilete og til glede for dykk som tykkjer me har vore litt sparsame med det :)

mandag 28. november 2011

Kokk?

Me er på jakt etter ein/ei kokk.
Me er på jakt etter ein kokk som vil følgja oss i jakta på den gode smaken, som har solid fagkunnskap, god fantasi, som vil laga gode, uvanlege rettar av lokalt råstoff, ståpå vilje og som trur han / ho kan halda ut med krevjande eigarar :)
Me er ikkje ein profilert stad enno, der berre navnet gjev ein løft på CVen. Men me har store ambisjonar og det rette mennesket lyt vera med på reisa mot å verta ein matstad som er ei reise verdt.
Kven me er (eller vil vera) kan de sikkert få eit gløtt av når de les gjennom denne bloggen og evnt ser på facebook profilen vår.
Store Ringheim er eit heilt tun, så langt er løo ferdig men det vert etterkvart både overnatting og andre ting.
I løo har me tre rom med servering - Konnbrotet, Floren og Tømmerstovo. Totalt 70-80 gjesteplassar fordelt på ca 120 stolar. Me har eit moderne storkjøkken med ein arbeidsstasjon og plass til ein til i trøngda.
Løo framstår i dag som eit spesielt bygg av svært høg kvalitet, me ynskjer å fylla ho med mat og opplevingar som står i stil med dette.

Er du rette personen så ta kontakt på post@storeringheim.no er du ikkje så hjelp oss i jakta med å dela denne posten på facebook profilen dykkar.

PS Dette hastar litt :)

fredag 28. oktober 2011

Røykjetid

Me har fått nytt røykehus i år. Stort og fint med røyken fint piplande opp i golvet etter å ha teke turen gjennom fem meter pipe frå den gode gamle Jøtul Peis 4 me hadde for mange år sidan. Huset funkar over all forventing og no er det i full bruk til røyking av pinnakjøt til årets jolabord sesong. Me tykkjer det er kjekt å servera heimelaga pinnakjøt, godt er det og - det er behørig prøvesmaka.
Me røykjer og ein god del halsar og halar til framtidige nattmat betasuppar, spekjekjøt lår har me sjølvsagt laga ein god del av. Me røykjer også ein del fisk, no i det siste har me laga ein del røykjerøyr av røyr frå Lønavatnet. Den vart faktisk retteleg god, me brukar ho ein del til forrettar og snacks.
Eit skikkeleg røykjehus er rett og slett ei velsigning!

tirsdag 25. oktober 2011

Jihaa - da går bra!

Lenge sidan eg skreiv noko her no, det har vore svært travelt hjå oss så det har vore lite tid.
Me har skrive litt tidlegare om både budsjett og voner om mykje besøk, dette var i ei tid då me ikkje hadde aning om korleis ideen vår ville slå an.
No kan eg sei at det har så langt gått over all forventing. Vossingane har verkeleg vist at dei set pris på ein slik stad som me prøver å laga og større eller mindre lag og andre har fyllt opp løa både helger og vekedagar. Det er rett og slett overveldande.
Me er audmjuke og svært takksame ovanføre alle som har vore på vitjing og til alle som har tinga seg plass i tida framover mot jol.
Tusen takk skal de ha alle saman!
Men det har sett og set oss stadig ovanføre nye utfordringar, alle desse gjestene skal takast godt vare på så dei kjenner seg heime her. Me to middelaldrande menneskje klarar sjølvsagt ikkje dette åleine, om me nokonsinne har trudd at det var nok er i alle fall motbevist no.
Me har vore heldige og har knytt til oss kjekke og flinke folk både på kjøkenet og ute i restauranten, allikevel har me stått på så hardt at det røyner så me må nok organisera litt meir.
Dette er uansett eit luksusproblem, faktum er at me har truffe eit stort behov i Vossabygda for ein god og spesiell eteplass der frityr og ferdigprodukt er bannlyst.
Hjarteleg velkomne til gards både nye og gamle gjester, me set stor pris på kvar og ein :)