torsdag 20. september 2012

Meny veke 38

So er hausten definitivt komen med snø laangt nedover fjellsidene og alle voner om ein liiiiten indian summer har frose vekk.
Men fortvil ikkje - det finnest ein stad der ein kan setja seg inn i eit koseleg rom, eta god mat og stira inn i peisen over eit godt glas vin medan tankane flyg til den fantastiske sommaren me heilt sikkert får til neste år.
Ein stad der gode vener kan samlast og varmen frå samveret jagar alle snøbyger og motvind bort for ei stakka stund.

Kvar? Her sjølvsagt - det er berre nett å ringja 95406135 eller senda epost til post@storeringheim.no så ligg me her og ventar på dekan:)

Og her er menyen denne veka:

Meny veke 38

 

Forrettar

 

Vossasoppsuppe med heimalaga brød

Kr 90,-

Tomat/mozzarella salat med årgangsskinke frå Tveite Gard (lagra to år)

Kr 100,-

Sjømatspyd med mangosalsa

Kr 110,-

 

Hovudrettar

 

Steikt torskefilet med pastinakkpurée, grønsaker og purre/safranssaus

Kr 285,-

Langsteikt Selheim ytrefilet med cheddargratin poteter, grønsaker og raudvinssaus

Kr 320,-

 

Dessertar

 

Sjokoladebrownies med karamellsaus og is frå Alm Gard

Kr 95,-

Is frå Alm Gard

Kr 95,-

søndag 16. september 2012

Årets Jolabord

Her er årets jolabordtilbod :)

Me har prøvd ta lærdom av fjoråret og har forbetra oss på dei punkta det ikkje fungerte heilt topp i fjor.
Me har satsa på levande musikk med Wannabees Duo slik at det vert skikkeleg stemning etter middagen. Me satsar framleis ikkje på buffet og har framleis tru på at ein god tre rettar middag er ei betre løysing. Me har oppgradert kraftig både forrett og dessert men behalde hovudretten med heimalaga pinnakjøt og korv frå Skåramat.
Me vil gjerne at gjestene kjem før sju på kvelden, dei vert då mottekne med eit glas sider frå Ulvik og har tid å prata og kosa seg litt før maten startar i halv åtte tida.

Etter middagen ryddar me den store salen til dans og Wannabees duo byrjar omlag i 10.30 tida.

Ser dette ut som eit opplegg for ein triveleg fest eller??

Her er opplegget:)

Jolabord 2012

På Store Ringheim

 Jolabordstida nærmar seg og me har sydd i hop eit triveleg opplegg ilag med gode lokale samarbeidspartnarar. Først og fremst Voss Vind der de kan få ein fykande start på kvelden med fyking i vindtunnellen, overnatting kan me tilby i romslege fine hytter i Voss Resort, enkel eller dobbeltrom med frokost.

Jolabord på Store Ringheim er tradisjon tru utan buffet, me serverer ein tre rettars jolamiddag med god forrett, heimalaga pinnakjøt rett frå gryto og skikkeleg korv til hovudrett og god dessert til slutt. Bekymra dykk ikkje – alle vert metteJ

Nytt av året er at me tek imot dykk med ein velkomstdrikk; sider eller eplemost frå Ulvik.

Deretter er det jolamiddag og kaffi før Wannabees duo tek over og spelar til dans utover natta.

Sjå nedanføre for ulike alternativ:

 Pakker:

1.          «Fritt fall» hjå Voss Vind, 3 rettars jolamiddag med aperitif, kaffi og Wannabees duo, overnatting på Voss resort:
Enkeltrom  1n: kr 2460,- 2n:  kr 3090,- pp
Dobbeltrom 1n: 2060,-  2n:  kr 2440,- pp

2.         «Fritt Fall» og jolabord med tre rettars
Middag, aperitif og Wannabees 
    Duo utan overnatting
Kr 1380,- pp
 
3.         Berre jolabord med tre rettars
Middag, aperitif og Wannabees 
Duo.
Kr 690,- pp
 
Desse tilboda gjeld fredagar og laurdagar frå
 16.11 til 16.12
   
 
4.         Berre jolabord alle andre dagar
         Kr 550,- pp

 

Booking på: Tlf 95406135


 

Store Ringheim

Staden for ekta matopplevingar

tirsdag 11. september 2012

Fly and dine :)

bildeinfo
Photo Voss Vind Website

Feel the sensation of free falling at Voss Vind and land happily at Store Ringheim Restaurant. Share your experiences over an excellent and romantic candle light dinner in the cosy restored old barn.

Eller på godt Norsk: Kjenn den pirrande kjensla av fritt fall på Voss Vind før de går inn for landing på Store Ringheim Restaurant. Del opplevingane over ein god middag med levande ljos i ein stilfull, koseleg restaurert gamal låve.

Me har altså slege oss litt i saman med naboen vår, Voss Vind, og laga eit opplegg der grupper og einskildpersonar kan kombinera ei fantastisk oppleving med eit fantastisk måltid og ein koseleg kveld. Det burde vera uslåeleg, berre på Voss at dette er mogeleg.

Våre trufaste følgjarar har sjølvsagt allereie sett at dette er del av ei jolabordpakke, men det gjeld sjølvsagt ikkje berre jolaborda. Dette er garantert eit opplegg som tilsette i eit firma, venegjengar og mange andre grupper vil setja stor pris på.
Og prisen på pakken er absolutt overkomeleg; 1200,- kroner pr person for ein koseleg og minneverdig ettermiddag/kveld burde absolutt vera overkomeleg.

Ta kontakt på 95406135 eller post@storeringheim.no for å avtala tid og meny

Prepare for landing, fasten seatbelts and put chairs in upright position...

mandag 10. september 2012

Smalahove hjå oss


Smalahove

På Store Ringheim

 

No er det sankehelg og smalen går ei utrygg framtid i møte.

 
Vesser og andre matglade går derimot ei lukkeleg tid i møte smalahovetidaJ

Og smalahove smakar best i godt lag i ei gammal løa, og aller best i vår resturant i  løo  sjølvsagt.

 

Frå  helga 14-15 september til helga 2-3 november tek me imot tingingar på store og små Smalahovelag i storesalen eller i tømmerstova i løo vår.

Smalahova vert servert på tradisjonelt vis – rykande varme og møyre rett or pannen med poteter og nepestappa. Hova kjem sjølvsagt frå Løno men vert kokte hjå oss.

Godt følgje er foredla byggdrykk frå Flåm og tradisjonsrik Norsk potedrykk frå Arcus.

Om det er ynskjeleg er det sjølvsagt høve til å trimma av kaloriane med litt dans og moro etterpå, me har eit godt musikkanlegg som kan brukast eller me kan ordna levande musikk på førespurnad.

Så velkomne skal de vera, venegjengar, lag, organisasjonar, verksemder og alle andre som vil ha ein fin kveld i haustmyrkret.

Meld dykk på tlf 95406135 eller post@storeringheim.no

mandag 27. august 2012

Store Ringheim i Nationen

For ei tid sidan hadde me vitjing av Nationen på garden. Dei tok bilete av både oss og katten og har no skrive ein reportasje frå vitjinga.
Denne ligg her
Det er tilsaman 8 bilete som de kan sjå ved å klikka att og fram oppe.

Kjekt:)

Meny veke 35

Då er me komne til siste veka i august allereie, litt vemodig men på hi sido sett så går me inn i ei spanande mattid. No kjem haustetida, udladottane skal ned frå fjellet, hjort, rein og elg kan kanskje koma rekande inn på kjøkenet og menyen vår - kven veit (unnateke meg då)

Denne veka har me ikkje heilt kome der enno med unnatak av Vossasoppsausen til biffen frå Selheim då. Eg hadde ein fin tur i soppskogen i går og fann både steinsopp, granmatrisker, kantarellar, piggsopp og ei mengd kremler av den gode sorten så det skal nok verta saus med smak:)

Her er menyen og hugs - torsdag til søndag 17.00 - 21.00 eller kortid som helst om de er fleir enn ti og ynskjer ei hyggeleg samling i god atmosfære og ekta, god mat.


Meny veke 35

Forrettar

 Aspargessuppe med heimalaga brød

Kr 90,-

Avocado – kjuklingsalat

Kr 90,-

Sjømatspyd i mangosalsa og salat

Kr 110,-

 Hovudrettar

 Kveitefilet i kaperssaus med potetpurée og grønsaker

Kr 285,-

Okse ytrefilet frå Selheim i Vossasoppsaus med råsteikte poteter og grønsaker

Kr 320,-

Dessertar

Varm gulrotkaka med is frå Alm Gard

Kr 95,-

Is frå Alm Gard

Kr 95,-

torsdag 23. august 2012

Slutt på Sommarlunsjen for i år

Forrige helg var den siste i år med lunsjservering hjå oss.

Sommaren er over, desverre - eller kanskje lika greitt slik han har arta seg. Det er nok berre i meteorologiske statistikkar han er varmare enn normalt.

Me hadde ei satsing på lunsjservering i sommar der me serverte enklare, men svært gode, heimalaga lunsjrettar til ein rimeleg pris. Det var forsåvidt ein suksess, ikkje slik at me vart nedrende med folk men dei som kom var svært nøgde både med mat og service.

I motsetnad til dei fleste andre lunsjstader på Voss tek me tingingar og serverer ved bordet slik at lunsjpausen vert ein pause 100% og gjesten slepp å kasta vekk dyrbar pausetid i kassakø.

Nokon økonomisk suksess vart det ikkje men me kjem likevel til å gjera det omatt til neste år, det skal ikkje så mange fleir innom før overskotet er i sikte:) Me vonar at alle som var innom i år tek turen att til neste år og tek med seg alle sine kjende, då har me eit grunnlag for å gjera dette årleg.

Vidare utetter hausten har me vanleg opningstid torsdag til søndag 17.00 - 21.00 for ala carte servering.



 

tirsdag 17. juli 2012

Kjempegod vegetarlasagna på den nye lunsjmenyen


På den nye lunsjmenyen me lanserte i forrige veke har me mellom anna ein nydeleg vegetarlasagna. Eg er på ingen måte nokon lasagnaelskar og tykte det var litt på kanten å ha dette på menyen hjå oss men ein smak fekk meg til å endra meining, den var altså så god at eg på ingen måte sakna kjøtet.
No ventar eg berre på at Lise (Trollsmed) stikk innom og prøvesmakar og deler ut nokre velfortente "gulrøter" på veggisheimasido si :)
Det er også mykje anna godt på menyen - berre sjå under, suppe denne veka er t.d. gulasjsuppe laga på grytekjøt av elg, også ein sikker vinnar.
Ta turen oppom for ein god og rimeleg lunsj.

Store Ringheim - ei reise verdt!


Lunsj meny

From:    Thursday-Sunday, 12:00 – 16:00, ala carte 17 - 21
            
      1.        Tomat –Mozzarella salat med spekekjøt frå                                           
         Store Ringheim og basilikum/persilleolje.                                                         Kr 120,-

2.     Grønsaksalat med fritert ost og creme fraiche dressing                                    Kr 120,-

3.     Bakt potet med røykt Vossolaks i                                                  
        kvitlauk/cottage cheese.                                                                                       Kr 98,-

4.     Dansk smørbrødtallerken med tre smørbrød; Egg og reker,

 lambarull, roastbeef med remulade, lauk og reddik                                         Kr 145,-

5.     Dagens suppe – spør kelnar.                                                                                Kr 95,-

6.     Heimalaga vegetar lasagna med tomat salsa og                              
        Parmesan ost                                                                                                        Kr 120,-

7.     Varme, kvitlauksgratinerte reker med salat mix.                                            Kr 125,-

8.     Varm, gratinert kjukling med cheddarsaus og salat.                                      Kr 125,-

9.     Club sandwich med kjukling servert med grønsaksalat.                               Kr 115,-

10.  Kjøtbollar med potet-fennikel purèe og grønsaker                                         Kr 120,-

11.    Dagens kaker, spør kelner, servert med iskrem og
              frukttopping.                                                                                                       Kr 75,-

12.  Is frå Alm Gard                                                                                                    Kr 95,-

mandag 9. juli 2012

Epostadresse og hakkefantar

Jorunn sin epost har vorte hakka av nokre lakabadla som brukte ho til å senda epost i hytt og pine, resultatet vart at kontoen vart stengd og er umogeleg å opna att. Det er difor ikkje nokon vits i å senda epost til den adressa og me har stroke ho som kontaktadresse her i bloggen.
Beste måten å koma i kontakt med oss på er pr tlf 95406135 eller epost post@storeringheim.no

Og hugs- ope frå torsdag til søndag, lunsj 12-16 og middag frå 17-21.
Grupper over ti personar kan også tinga middag andre dagar.

Beste lunsjen på Voss:)

tirsdag 26. juni 2012

Meny veke 26 - ekstremt god:), and paralunch

Då er bygda full av ivrige ektremsportutøvarar og me har laga ein meny som verkeleg kan utfordra smakslaukane så her det berre å hiva seg innom.
Det er og så heldigt at bakkane mine er nyslegne, så om det er nokon som ynskjer det av desse forvaksne løvetannfrøa, kan dei greitt landa på bakkane rett utanføre oss og kosa seg med ein betre lunsj før dei sjogar avgarde att:)

løvetannfrø blåser i vinden


Meny Veke 26 

Forrettar:

Røykelaks med kvit asparges i hollandaise saus
Kr 110,-

Mozzarella salat med spekekjøt frå Store Ringheim.
Kr 95,-

Vegetar bisque suppe med heimalaga brød.
Kr 90,-


Hovudrettar

Indrefilet av lamb innrulla i bacon frå Evanger, servert med skogssoppsaus og grønsaker.
Kr 325,-

Dampa laks med ris, ertepurée og cherrytomater.
Kr 285,-


Dessertar

Sjokoladefondant med bær og hylleblomstsorbet frå Alm Gard.
Kr 110,-

Ostatallerken med tre typar ost, frukt og kjeks.
Kr 110,-

Is frå Alm Gard.
Kr 90,-

onsdag 20. juni 2012

Ganefart 2012

Me har meldt oss på Ganefart 2012 , Eit samarbeid mellom Bygdekvinnelaget, Matdepartementet og Innovasjon Norge om å kåra beste matstaden langs vegen.
Eit godt og heilt naudsynt initiativ for å motverka frityreimen langs vegane våre. Her er det lagt opp til premiering av kortreiste, lokale råvarer, lokal mat, god stemning - kort sagt alt du ynskjer å oppleva når du tek ein pause på vegen.

Opplegget er kort sagt at gjestene kan stemma på den matstaden dei tykkjer fortener det, den som får mest stemmer får publikumsprisen. Men det er også ein fagjury involvert, denne skal kåra den beste staden på bakgrunn av rapportar frå anonyme inspektørar som kjem innom alle påmelde og et som vanlege gjester.
Litt spooky dette, nesten som om inspektørar frå Guide Michelin er ventande. Me får vona dei vert nøgde med mat og atmosfære her hjå oss.

Og de, våre kjære gjester, kan hjelpa oss ved å stemma om de er nøgde med opplevinga her oppe, me set pris på all hjelp :)


onsdag 13. juni 2012

Vår lunsjmeny-mmmmmmmmmm:)

Her er omsider lunsjmenyen vår, på høg tid sidan første dagen er i morgon:)
Mykje godt her som de ser.
Lunsjen vert servert i ei uformell atmosfære inne i storesalen eller ute på terrassen. For å utnytta lunsjpausen til mat og prat kan maten tingast på førehand på tlf 95406135 - ingen kassakø og venting.
Og alt er av vanleg god Ringheims kvalitet - laga frå botnen med vekt på god smak!
Detta må berre prøvast.
Det ser litt rotete ut når eg limer inn men eg vonar det er forståeleg.


Lunsj meny

From:    Torsdag-Sundag, 12:00 – 16:00        

1.       Kjukling i avocadosalat med balsamico/senneps dressing Kr 120,-

2.     Cæsarsalat med steikte tigerrreker og ansjossaus.    Kr 130,-

3.     Dansk smørbrødtallerken med tre smørbrød; Egg og reker,

 lambarull, roastbeef med remulade, lauk og reddik          Kr 145,-

4.     Dagens suppe – spør kelnar.                            Kr 95,-

5.     Vegetar Pasta Penne                                Kr 95,-

6.     Varme, kvitlauksgratinerte reker med salat mix.      Kr 125,-

7.     Varm, gratinert kjukling med cheddarsaus og salat.          Kr 125,-

8.     Club sandwich med kjukling server med grønsaksalat.     Kr 85,-

9.     Dagens kaker, spør kelner, servert med iskrem og

frukttopping.                                            Kr 75,-

10.  Is frå Alm Gard                                         Kr 95,-