lørdag 29. januar 2011

Straum

Straum er kjekt å ha. Fram til byrjinga av januar brukte me av vårt private abonnement, det viste seg å verta litt dyrt no når januarrekninga kom :(.
Då me kom i gang for alvor i byrjinga av januar var det sjølvsagt av høg prioritet å få lagt inn byggjestraum. Elektrikaren tok saka og i samarbeid med Voss Energi og Skutle Betong som måtte pigga opp ei grøft over gardsvegen, vart straumen henta frå stolpen og lagt inn i huset.
Straumen skal inn i eit hovudskap i kjellaren i den gamle landkummen. Eg rakk ikkje å vaska den før kulden sette inn i haust så det var ein litt guffen jobb å dra inn kabelen i landkummen, men det var ingen sure miner for det, berre forsiktige antydingar om at kjeringane kanskje ikkje vart heilt fornøgde til kvelden når dei kom heim...
So når straumen vel var komen inn var det dags for elektrikarane å byrja å leggja opp røyrer rundt i veggene. Snikkarane var ferdige med isolering og skulle til å henga opp gipsplater.

Mykje styr med å leggja opp røyrene slik at installasjonane vart mest mogeleg gøymde, det er viktig for oss å ta vare på den gamle konstruksjonen så godt det er mogeleg sidan den er sjela i bygningen. Dette har Horvei Elektro forstått og har gjort ein god jobb med å planleggja og utføra installasjonane så langt.



Desse byggjer løo

På venstre sida i bloggen har me no laga til ei linkliste til dei som byggjer løo vår. Me har prøvd å finna dei som me har fått mest positive referansar på og gjort avtale med dei, me har ikkje hatt nokon priskonkurransar. Bakgrunnen er at bygging av eit slikt prosjekt er ei likning med litt for mange ukjende slik at det ville sannsynlegvis ha vorte høge anbodsprisar om dei ulike verksemdene skulle teke omsyn til alt som er ukjend.
So langt har dette fungert fint og me ligg i rute, me kan absolutt tilrå tenestene til desse verksemdene.

onsdag 5. januar 2011

Store Ringheim på Facebook

Me har også laga ein profil for verksemda på Facebook, der legg me ut mindre daglege oppdateringar, litt bilete osv.
De finn oss her, Trykk lik dette så kan de følgja med der og.

Saging og graving

Det er sågodt som ferdig isolert oppe på låven, no er snikkaren i gang med å stussa litt av kantane på tømmerveggene. Desse er berre grovkappa opprinneleg og aldri meint å vera inne i eit selkapslokale så litt finstussing må til.
Det er også laga til opningar inn høybrotet og kornbrotet. Mellom låven og høybrotet ligg golvet i same nivået så her vil det verta to samanhengande rom og god plass. I kornbrotet ligg golvet eit nivå høgare opp så her vil me setja inn ei dør og laga ei koseleg tømmerstove til litt meir intime mindre lag. Her har me sjansen til å slå oss laus med litt nostalgisk innreiding og, det kjem til å verta ein koseleg plass.
Snikkaren er i full gang med å laga beitskier av gamle stokkar som skal monterast i endastokkane i inngangane til brota.
Ute kjempa rme med å få inn straumen. Me må ha ein jordkabel bort til kabelen frå trafoen. Sidan me no ikkje kom igang før det vart både vinter og tele vert den lagt oppå jorda fram til telen har gått til våren men over vegen inn til løa må me grava han ned. På denne tida betyr det piggaggregat og ein enkel gravejobb tek brått nesten ein halv dag.

søndag 2. januar 2011

Full guff!!!

Jepp, igangsetjingsløyvet kom den 21.12. og sidan har me bygd på harde livet. Me er omlag ferdig med grov isoleringa, taket er nedlekta og plasta klart til plating og snikkaren held på og reinskjær opningane inn til romma oppe på låven. Dei skal avsluttast med beiteskier så det både vert meir solid og fint. Ellers skal me prøva å røra minst mogeleg av den gamle konstruksjonen. Dette er ei heilt spesiell løe og me vil gjera vårt til å ta vare på det unike ved ho. Det gjer nok bygginga både dyrare og meir tungvinn men det vert nok verdt det.

I morgon kjem så vonaleg elektrikaren vår og byrjar å strekkja trekkjerøyr, dette hastar litt så han ikkje seinkar snikkaren.
Ventilasjonsmannen er også såvidt byrja, om ikkje lengje kan han ta seg ein tur att og.
Eg tok ein slik 360 graders film i dag som eg har lagt ved her. Mykje rot men de kan nok få eit inntrykk av kor fint det vert til slutt.

lørdag 25. desember 2010

Jolastemning

Ja no er det verkeleg jolakort stemning her. Vårherre har drysst ned puddersnø i passelege mengder på hage og hus og laga ein nasjonal romantisk stemning rundt nøvene.
Jolafreden ligg døsig over heimen der me sit og gjer ingenting, ladar batteria til travle tider.
Me har fått igangsetjingsløyve etter litt utolig venting (6mnd) og startar for fullt no i melsdagane, då vert det nok meir liv og oppdateringar her på bloggen og.
Men til dess; Ha ei rettelg God og Fredeleg Jol!

torsdag 23. desember 2010

Igangsetjings løyve

Jihaa! Då har me omsider endeleg fått igangsetjingsløyve. Knappe seks månadar tok det so no vert det vinterbygging igjen. Det er litt disputt om det er arkitekten vår som har vore sein eller kommunen si byggesaksavd som har rota litt. Eg har vel litt meiningar om det men det får kvila no. Me legg det bak oss på vegen, men me gløymer det ikkje, det har vore nyttige erfaringar.
So no har me starta opp med å isolera bygget så me får på varme, deretter er det full guffe framover. Frost og tele gjer at me slit både med grøfter og utearbeid så det er utsett til våren.
Påbygget for ventilasjonsanlegget slit med same problemet, der veit me ikkje heilt kva me skal gjea men finn nok på noko.
I det heile er det problematisk og dyrt å byggja om vinteren men me hadde ikkje val denne gongen.

Med dette ynskjer me alle våre lesarar ei retteleg God Jol og eit godt år i vente.

Jorunn og Svein

lørdag 27. november 2010

Då var alt inne..

Då er alt som skal sendast inn inne. Me sit her og kryssar fingrar og tær og vonar det beste (som vanleg).
Me er beherska optimistiske, særleg sidan me ikkje kan koma på noko meir no som skulle vera feil. Me avventar tilbakemelding frå Fylkesmannen si kulturminneavdeling, dei har freist ut neste veka med å koma med innspel. Det skal verta spanande å sjå kva dei finn ut.
Uansett så vil me ha eit lite byggemøte i veka for å prøva å koma fram til ein enkel framdriftsplan. Det er etterkvart kome ein god del førespurnader så det hadde vore greitt å visst omlag kortid me kan rekna med å vera ferdige.
Kryss fingrar for oss!

torsdag 25. november 2010

Ikkje nett som varm kniv i smør nei

Kanskje ikkje heilt uventa så var det ikkje akkurat berre berre å få løyvet no heller. Brannvurderinga er forseinka frå arkitekten vår så det er ingenting som skjer før den er kome, litt dumt det at det skal henga på våre folk no.
Teikningane av løo er og sende til Fylkesmannen si kulturminneavdeling som ville ha eit ord med i laget. Dette tek eg forsåvidt som ei anerkjenning av at me har eit sjeldant og spesielt bygg.
Eg reknar ikkje med at det skal verta nokon vanskar med å verta einig med dei sidan me heile tida har hatt som overordna mål å ta vare på den gamle bygningen. Dei får ta seg ein tur opp, så kokar me kaffi og tek oss ein runde i løo og går igjennom planane og det som er utført. Eit lite innblikk i soga til huset skal me sjøvsagt også spandera på.
Det er eit spesielt hus på ein spesiell stad.

søndag 21. november 2010

Hage

Hin dagen hadde me Anne frå Komplett Utemiljø på vitjing. Bakgrunnen var at me har engasjert dei til å laga ein overordna plan for uteområdet i tunet. Me tykkjer det er viktig at ikkje berre innsida av løa vert bra, det er minst like viktig at uteområdet er bra.
Komplett Utemiljø er eit firma i Haugesund som leverer både hageplanar og anleggsgartnartenester. Me har sett på ein del oppdrag dei har hatt og ser at me har samanfallande syn på ein del viktige ting.
Vidare no skal Anne laga eit utkast og så skal me fila og ruggla på det til me er nøygde.
Deretter får me sjå kor mykje me har råd til å få gjort..

onsdag 17. november 2010

Great News!

Fekk muntleg stadfesta frå vegvesenet i dag at avkøyrsla vår er oppmålt og godkjend! Kjempe!
No er alle papir sende til byggesaksavd for handsaming, det skal i utgangspunktet ikkje ta lang tid sidan me allereie har rammeløyve. Me får vona at vegen fram er rydda og asfaltert slik at me omsider kan koma i gang og kanskje verta ferdige til konfirmasjonssesongen til våren.
Betinga optimist..

tirsdag 16. november 2010

Lite påbygg

Me har forsovidt starta litt. Det må byggast eit lite påbygg i eine enden av løo for å få plass til maskineriet til ventilasjonsanlegget. Dette var lettaste å få gjort no når det er folk og maskiner og jobbar med uteområdet på nedsida så me sette i gang.
Tilbygget må senkast omlag ein meter ned i jorda så taket kan gå i flukt med resten av løetaket. Dette inneber då ein del graving og støyping og omlegging av trappa ned langs løa.

Ser litt rotete ut no men eg er sikker på at det vert bra når det er ferdig og eit godt ventilasjonsanlegg er ein god ting å ha.