Etter at takhellene var tekne av kunne me riva ned svolene og gå i gang med å tømma ut alt som hadde lagra seg opp i løpet av 150 år. Det var litt av ein jobb. Først vart alt laust bore ut og sortert, det meste kom i kast haugen men eitt og anna var verdt å behalda. Så kom den trasigaste jobben; riving og utbering av smalfloren og stallen. Som de ser av bileta så var desse opplafta inne i løa men utan å vera ein del av konstruksjonen av løa. Dei var begge godt rotne og fulle med støv, drit og allslags uhumskheiter. Rivinga gjekk føre seg ved å saga opp tømro med motorsag (fann mykje spikar) og bera ut delene etterpå. Akkurat når me heldt på med det såg eg litt mørkt på heila greio, det verka som om det var langt fram. Eg må sei at det endra seg inne i løa når desse kassene var vekke, du verden så god plass det brått vart.