fredag 8. mai 2015

17. Mai på Store Ringheim



Me vonar på ein skikkeleg fin 17. mai med sol, bunad, badnatog, kjentsfolk og mykje is, brus og sjokolade. Deretter skøy for ungane på skuleplassane rundt omkring i grendene.

Deretter folkens, om de framleis har krefter att, passar det fint med ein god, avslappande middag på Store Ringheim:)
Me har ikkje noko spesiell meny for dagen men den nye sommarmenyen vår er både spanande og god:)

Me har ope frå fem eller litt før om de ynskjer det, ring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

Ha ein fin 17.mai:)

tirsdag 5. mai 2015

Sommarmeny 2015

Då er menyen for sommaren 2015 på plass, dvs frå fredag av.

Me har lagt oss skikkeleg i selen og kjøkensjef Joao Pires frå Portugal har laga ein god meny med mange rettar de berre finn her, også nokon med inspirasjon frå det Portugisiske kjøkenet.

Alt er sjølvsagt laga frå botnen og me har funne råvarene så nær som mogeleg t.d. lam og okse frå Selheim, Voss Gardsslakteri. Ramslauk frå Granvin, strutsevenger frå Voss, litt diverse småting i salatane frå bakkane utanføre her, aure frå Hardanger Fjellfisk og god fisk fanga i havet utanføre "Costa del oro" (Vestlandet) frå Domstein.

Vil de ha ei fin og mettande oppleving hjå oss er det berre å ringja og tinga (95406135)

Forrettar

Fargerik melon med skinke frå Tveite Gard                                                                                        Kr 125
Akevittgrava laks med karvebrød, dressing og salat                                                                         Kr 125 Gluten
Dagens suppe                                                                                                                                              Kr 105 Mjølk


Hovudrettar

Bacalau kledd i ramslaukbrød, olivenolje, knepte poter og frest spinat                                        Kr 285 Gluten, fisk
Fjellaurerudl med selleripure, smørpoter og asparges                                                                      Kr 275 Gluten, mjølk. fisk
Dagens fisk                                                                                                                                                  Kr 265 Fisk
Kvitvinbraisert Vossalam med honningglaserte rotgrønsaker, raudvinssaus og poteter          Kr 315
Mogna oksefilet frå Selheim, råsteikte poter, blomkål, gulrot og tartarsaus                                Kr 315 Mjølk
Portugalinspirert svinefilet med julienne, potepai, eplapure og appelsinsaus                             Kr 295 eple, appelsin
Portugisisk kjuklingkorvrulett med regnbogegrønsaker                                                                  Kr 255 Gluten


Dessertar

Creme brulee                                                                                                                                               Kr 110 Egg
Sjokoladefondant med sorbet frå Alm Gard                                                                                         Kr 120 Gluten
Ostatallerken                                                                                                                                              Kr 115 Mjølk
Appelsinmousse                                                                                                                                        Kr 105 Egg, mjølk


Tilbod

   Trerettarmeny                                                                                                                                         Kr 450               
 Firerettarmeny                                                                                                                                          Kr 500

mandag 9. mars 2015

Pinnakjøtdagen Skjærtorsdag

Røyking av pinnakjøt og rudlepylsa sept i fjor
Kvar Skjærtorsdag har me til tradisjon å eta opp resten av pinnakjøtet etter jolabordsesongen, så også i år.
Me har att litt pinnakjøt, i alle fall til 30-40 gjester, og ser føre oss å halda eit gjilt gjestabod på desse restane til ein rimeleg pris.

Opplegget vert som før:
  • Kvasshovden sider som aperitif ved ankomst kl 19.00
  • Forrett
  • Pinnakjøt og Skårakorv med poter og nepestappa.
  • Dessert
Etter maten er det sjølvsagt råd å kosa seg utover kvelden og kanskje det dukkar opp litt underhald og:)

Om dette høyrest ut som ein fin slutt på vinteren og ein god start på Påsken og våren er det berre å ringja og tinga på 95406135 eller på post@storeringheim.no

fredag 6. mars 2015

Vintermeny 2015

Confitert Skrei
Fram til godt over påske har me ein nydeleg basismeny som inneheld både Vossalamb, kjøt frå Vossaoksar og Skrei (ikkje frå Voss:))

Me satsar på lokale råvarer som før, og dersom det ikkje går, som med skreien, får me sjølvsagt tak i det beste me finn.

Det er framleis ope frå onsdag til søndag men det kan vera lurt nett å slå på tråden og lata oss vita at de kjem:)
Me har også fortsett med eit særdeles godt tilbod på dagens tre rettar middag.



Vintermeny 2015

Forrettar

Matjes på potetskiver, gulrotpure, rotgrønsaker, raudlauk og dill                                                  Kr 125

Vår eige rudlepylsa med salat, raudlauk og rognebærgele                                                               Kr 105


Hovudrettar

Confitert Skrei med sukkererter, kvitlauk, olivenolje og potet                                                        Kr 265

Ovnsbakt laks, poteter, ertepuree og smør                                                                                          Kr 275

Kvitvinbraisert Vossalam med honningglaserte rotgrønsaker og poteter                                     Kr 315

Raudvinbraisert okse frå Selheim med honningglaserte rotgrønsaker og poteter                       Kr 315


Dessertar

Creme brulee                                                                                                                                               Kr 110

Sjokoladefondant                                                                                                                                       Kr 120

Ostatallerken                                                                                                                                              Kr 115

Is                                                                                                                                                                    Kr 105


Tilbod
   Trerettarmeny                                                                                                                                         Kr 450    
           
 Firerettarmeny                                                                                                                                          Kr 500

fredag 6. februar 2015

Den store kjærleikskvelden, valentin dagen

So er tida for kjærleik og samhald komen att, helgenen Valentin skal feirast med kort, blomar og kjærleiksfyllte augnekast over ein romantisk middag med levande ljos på ein romantisk restaurant...som her hjå oss.

Og i år har me lagt oss skikkeleg i selen og klekt ut ein retteleg romantisk god meny til ein verkeleg god pris. Og meir romantiske omgjevnader enn her er vondt å finna, her vil alle hjerter kunna smelta :-]

Kokken og eg har kost oss for å finna på det beste som kan passa for denne kvelden og enda opp med heile seks rettar som me var nøydde å ha med.
Sjå menyen nedanføre.
 Prisen er det heller ingenting å sei på, kun kr 550,- for heile stasen inklusiv eit glas sprudlande når de kjem.
Påmelding på 95406135 eller post@storeringheim.no er naudsynt, med siste frist  fredag ettermiddag.

I tillegg til maten har me og sett i saman ei god vinpakke til kr 350,-

Valentinmeny

Aperitif: Kvasshovden sider

Forrett 1: Hjarteleg Vossalambterrin

Forrett 2: Serranoroser i melonglas

Hovudrett 1: Vossolaks marinert med kjærleik

Hovudrett 2: Kosegris frå Frå Selheim med potetreir

Dessert 1: Sensuell sjokoladefondant med dekadent jordbærsaus

Dessert 2: Uante gleder


Vinpakke


1 gl Riesling
1 gl Chardonnay
1 gl Grenache Syrah
1 gl Moscato D`Alba


torsdag 20. november 2014

Store eller små jolasamkomer - her er rette staden


Mørketida er over oss, me har hatt regn og flaum men stort sett bra ver og tørt. Korkje frost eller snø så langt.

Hausten er ikkje berre mørkre og dårleg ver, det er og tida for å gjera noko saman. Jola nærmar seg og med den tida for store og små jolesamkomer.

Hjå oss har nissane kome fram frå skåpet og tittar fram mellom stokkar og tømmer, nokre er tilogmed vorte rett så akrobatiske i stigen i floren.

Me har sjølvsagt jolabord og dans med helgane, men me har også plass til alle dekan som ikkje nødvendigvis ser føre dekan den store feiringa. Ei roleg feiring med gode vener, dameklubben, pensjonistlaget, matentusiastar eller berre                                                                                     familien passar heilt fint hjå oss, me har rolege                                                                                     rom og krokar der ein kan sitja for seg sjølv eller koselege bord der ein kan kosa seg i lag med andre i same ærend.

Me serverer jolamat til dei som vil ha det og vanleg mat til dei som vil ha det men grupper over ti personar må velja same meny.

Så går du ikring og lurar på å ha ein hyggeleg kveld med vener eller familie, eit lite firma, lag, klubb o.l. ta berre fram telefonen og ring oss på 95406235 eller send ein epost til post@storeringheim.no så ordnar me i saman ein hyggeleg kveld for dykk.

søndag 26. oktober 2014

Halvor Heuch - Norsk drikke til Norsk mat

Bilete frå Din Mat
Halvor Heuch, sjølvaste mr Akevitt, sjefsdestillatør i Arcus, kjem til Voss og oss på Store Ringheim 13.11.

Me ser på det som ei stor ære at han fann tid til å koma her for å snakka om og visa korleis ein kan setja ihop ein heilskap av Norsk mat og Norsk drikke.

Opplegget vert slik at Halvor først vil ha eit lite kåseri (kurs) med bilete der han fortel om mat og akevitt.

Bilete frå Horecanytt
Deretter går me til bords og får servert ein god seks rettars middag med øl og akevitt.
Ein byrjar med det ljose lette til forrettar frå hav og innlandsvatn. Her er det lett akevitt og ljost øl.
Så vert det hovudrettar der ein også svingar innom indre strøk på Vestlandet med litt røykt mat mellom anna, no vert det kraftigare akevitt og øl.
Til sist kjem dessertane. Først er det ein trilogi med kraftig, barsk ost med ditto følgje før ein gjev seg over til det søte i følgje med akevittlikør og mørkt øl.

Bilete frå Aperitif
Hildrande du, den som ikkje er i himmelen då veit knapt sitt eige beste


Heile sesjonen med kåseri og middag med øl og akevitt kjem på kr 975,-. Ei rimeleg investering for å få eit glytt inn i ei verd du knapt trudde fanns, guida fram av den fremste kjennaren her i landet.

Er det noko for deg eller verksemda di kan de melda dykk på på 95406135 eller post@storeringheim.no

Me har ikkje uavgrensa med plassar så her er det første mann til mylne som gjeld,
Hjarteleg Velkomne til ein kveld utanom det vanlege:)

tirsdag 7. oktober 2014

Jolalunsj - Julelunsj

Jolalunsj - Julelunsj


Dersom eit heilt jolabord er litt mykje eller kanskje de vil feira på ein annan måte...då er ein hyggeleg jolalunsj hjå oss her på Store Ringheim tingen.
Me har teke utgangspunkt i den koselege Danske tradisjonen med "Julefrokost" og modifisert den litt til Norske forhold.
Tenk på eit koseleg pynta rom med fyr i peisen eller ei tømmerstove, fint pynta bord med levande ljos, kvit duk og blomar. Der kan de sessa dykk i lag med gode vener eller kolleger til eit hyggeleg lag med god mat ein ettermiddag før jol.Etter ei hyggeleg stund med småprat og avslapping kjem så maten på bordet, først kjem dei kalde forrettane og vert plassert midt på bordet så de kan forsyna dykk og senda rundt til alle, ein sosial og kjekk måte å ha eit uformelt måltid på.
Etter ei stund er første omgang ferdig, bordet vert rydda før andre omgang, den varme maten kjem så med angen av jol rundt seg - her er både ribbe med sprø svor, jolatorsk og anna godt servert på same vis så her er det berre å gå laus igjen. Folk pratar og ritlar og tek nett ein liten skål i ny og ne - stemninga stig.
Høyrest dette ut som ei fin jolaavlslutting for dykkar firma eller lag så må de gjerne ta kontakt på 95406135 eller post@storeringheim.no
Me har ulike alternativ som de kan velja mellom.

Me byrjar litt tidlegare enn jolaborda, gjerne allereie i tretida på ettermiddagen, det er uformelt så ein kan gjerne koma rett frå jobb for ei hyggeleg samkome før jol.


De vert tekne i mot av ein hyggeleg servitør som viser dykk til rette ved bordet og fortel litt om maten før han byd på drikke til maten.

Servitøren syter for at de har det de treng av drikke osv.

Til sist vert det tomt med denne omgangen og, same prosedyre vidare - rydding og fram med nye fat og kaffikoppar for no vert det dessert og kaffi. Denne vert også servert på same måte og sørgjer for ein fin slutt på ein koseleg ettermiddag/kveld.



søndag 21. september 2014

Meny hausten 2014

Hausten er komen og me kan fråtsa i fantastiske råvarer.

Me har laga ein ny meny som skal vara fram til jol som ber preg av dette, for å få plass til alle godsakene har me laga utvalet større enn me vanlegvis har på menyane våre så det er god sjanse for at alle skal finna noko dei likar.

Her er menyen

Meny Haust 2014

Varme forrettar

Sjømatsuppe med krabbe,reker og skjell med brødkrutongar                                                   Kr 180,-              
Fylt fersk sopp med tomatsaus og ruccula                                                                               Kr 145,-

Kalde forrettar

Matjes av jomfrusild på ei seng av cherrytomat og raudlauk med paprikasaus og salat           Kr 135,-

Heimalaga rudlepylsa med chutney og raudbet/mizuna salat                                                    Kr 145,-

Fisk

Grilla torsk med potetpure og sprø gulrot, kvitlauk/olivenoljesaus                                            Kr 290,-

Aure frå Jølster med fersk krabbe, artisjokk og grovhakka poteter                                            Kr 295,-

Villaks frå Vosso, ovnsbakt med pastinakkpure og koriandersaus                                             Kr 290,-

Dagens fisk frå Domstein                                                                                                           Kr 285,-

Kjøt

Confitert ytrefilet av Vossalam med rosenkål, purre og raudvinssaus                                       Kr 305,-

Langsteikt svinenakke med kokt kål, eplepure og poteter                                                          Kr 310,-

Steikte andelår frå Gårdsand med aspargesrisotto                                                                      Kr 300,-

Dagens vilt om tilgjengeleg                                                                                                        Kr 320,-

Pasta og Risotto

Risotto med fersk skogssopp                                                                                                      Kr 220,-

Spaghetti Carbonara                                                                                                                   Kr 210,-

Dessertar

Vaniljepannacotta med raunebærlokk                                                                                        Kr 110,-

Molteverrin med molter frå Stølsheimen                                                                                    Kr 115,-

Hardangereplepai med sitron og honningsorbet frå Alm Gard                                                  Kr 110,-


Ostatallerken med ostar frå nærområdet                                                                                     Kr 120,-


Freistande - ring 95406135 og prøv då vel:)

Smalahove i godt lag

Smalahove, berre ordet gjev entusiastane vatn i munnen, og no er tida komen att. 

Som ein kompensasjon for regn, kulde og mørkare tider har forsynet gjeve oss smalahovet til trøyst, det skal njotast i lag med gode vener på ein rustikk stad som i ein gamal låve her hjå oss.

I godt fylgje med lokalt øl frå Slumpelukko bryggeri smalahoveakevitt.

Å hildrande du kor kjekt det er å koma inn i tunet medan smalahoveeimen lurar seg inn i nasebora, glade andlet og forventingsfullt sinn.
Sessa seg i tømmerstovo med tømmer frå 1684 og den tid, levande ljos og gode stolar.
Ein liten prøvesmak på kveldens øl før heidersgjestane, smalahova vert borne inn, dampande rett frå gryto i fylgje med nepestappa og poter, og nett ein pylsesnabb av Skårakorv for dei som ikkje heilt klarar metta seg på berre hovudet.

Glad lått, god stemning, skåltalar og song. Ja no er tida komen att.

Ring og ting på 95406135 eller post@storeringheim.no

Jolabord 2014

Jolabord på Store Ringheim (trykk på linken)

Velkomne til oss:)


De kjem inn i tunet forventingsfulle og klar til ein fin kveld i lag med gode vener og arbeidskameratar, det ligg litt snø på bakken og eimen av dampande pinnakjøt sig rundt i mørknet. Faklar og levande ljos viser vegen opp låvebrua og til døra som er skiljet mellom ein tilsynelatande grå og sliten låve til ei anna verd innanføre.

Der står ei rad med sprudlande glas med Kvasshovden frå Nils Lekve i Ulvik og tek imot dekan, jolastemninga sig inn i den jolapynta låven medan praten går laust og ledig.

Kanskje ein titt på utstillinga av trykk og akvarellar frå Sveinung Iversen, den heng i galleriet ved inngangen og pyntar fint opp på dei grove tømmerveggene.

Glaset tømest og vertskapet ringlar med ei smalabjødla og bed til bords. De sig så inn i dykkar rom og sessar dekan hjå bordet.
Kjekke servitørar svinsar rundt og serverer drikke og kvelden dykkar byrjar.

Ingen kø rundt buffeten - her vert maten servert ved bordet, tre heile rettar.
Ein forrett med noko lettare frå vatn eller sjø, så kjem høgdepunktet - årets pinnakjøt, salta og røykt på garden etter gamal oppskrift kjem dampande rett frå gryto og på bordet, Vossalam slakta på Selheim sjølvsagt. Tradisjons tru vert det servert med nepestappa og poter og ein stykke Skårakorv frå Aslaug Skår hjå Skåramat.
Nett eit glas med Globetrottar frå Slumpelukko og ein Smalahoveakevitt så kjenner ein at himmelen er nær.
Til sist ein god dessert som sig ned mellom resten og ein god kopp kaffi kanskje fulgd av eit glas Apal frå Ulvik.

Magen har fenge sitt - no er det tid for fest.
Tenestefolket ryddar borda og naboen vår, Laine De Wolfe sessar seg bak flygelet og spelesakene sine og fengande dansemusikk fyller lokalet og dei danseglade kan sleppa seg laus utover dei små timane, medan andre kan sitja i krokar og rom og røda i fred og ro om alt og inkjevetta.

Slik ser me føre oss at de vil ha ei triveleg avslutting på året..ring oss på 95406135 eller send oss førespurnad på post@storeringheim.no og prøv sjølv:)

torsdag 11. september 2014

Merete Bø - Godsaker frå Burgund

Merete Bø, Vossajenta og ein av Noregs beste vinkjennarar ærar oss med ei vitjing 9. og 10. oktober i haust.

Ho var her også i vår og tok då føre seg vinmarkene i Piemonte distriktet i Italia. Det var ein stor success med fullt hus to kveldar på rad. Først foredrag med smaking og så god mat etterpå i restauranten vår der dei nyvunne kunsskapane kunne testast.

Det vert mykje det same no i oktober men no konsentrerar ho seg om Burgund i Frankrike, det andre av favorittområda hennar  i vinverda.

Desse vinane vert presenterte der:

  1. Arlaud Charmes-Chambertin Grand Cru 2008 Rødvin
  2. Dom. Daniel Rion Chambolle-Musigny Vieilles Vignes 2009 Rødvin 
  3. d' Angerville Volnay 1er Cru Champans 2007 Rødvin 
  4. Roche de Bellene Meursault les Charrons 2011 Hvitvin 
  5. Matrot Puligny Montrachet 1er Cru Chalumeaux 2007 Hvitvin 
  6. Blain-Gagnard Chassagne Montrachet 2012 Hvitvin 
Det skulle vera eit rimeleg bra beite for Vossingar og andre som dei seinaste tiåra er vortne meir kresne på Kva dei leskar strupen med.

Som sist lagar me sjølvsagt til ein god meny som kan nytast etter hendinga. Denne er ikkje klar enno men vil garantert ta utgangspunkt i tilgjengelege råvarer no om hausten som vilt, lam, rotgrønsaker og skogssopp.

Det vert sikkert fullt sidan me har avgrensa med plassar, nytta høvet til å læra litt om eit godt vindistrikt frå ein verkeleg spesialist og avslutt med ein god middag.

Ting på 95406135 eller post@storeringheim.no