Merete Bø, Vossajenta og ein av Noregs beste vinkjennarar ærar oss med ei vitjing 9. og 10. oktober i haust.
Ho var her også i vår og tok då føre seg vinmarkene i Piemonte distriktet i Italia. Det var ein stor success med fullt hus to kveldar på rad. Først foredrag med smaking og så god mat etterpå i restauranten vår der dei nyvunne kunsskapane kunne testast.
Det vert mykje det same no i oktober men no konsentrerar ho seg om Burgund i Frankrike, det andre av favorittområda hennar i vinverda.
Desse vinane vert presenterte der:
- Arlaud Charmes-Chambertin Grand Cru 2008 Rødvin
- Dom. Daniel Rion Chambolle-Musigny Vieilles Vignes 2009 Rødvin
- d' Angerville Volnay 1er Cru Champans 2007 Rødvin
- Roche de Bellene Meursault les Charrons 2011 Hvitvin
- Matrot Puligny Montrachet 1er Cru Chalumeaux 2007 Hvitvin
- Blain-Gagnard Chassagne Montrachet 2012 Hvitvin
Som sist lagar me sjølvsagt til ein god meny som kan nytast etter hendinga. Denne er ikkje klar enno men vil garantert ta utgangspunkt i tilgjengelege råvarer no om hausten som vilt, lam, rotgrønsaker og skogssopp.
Det vert sikkert fullt sidan me har avgrensa med plassar, nytta høvet til å læra litt om eit godt vindistrikt frå ein verkeleg spesialist og avslutt med ein god middag.
Ting på 95406135 eller post@storeringheim.no