Nokre å seinare vart det bygd ein silo i konnbrotet, denne var laga av tre, pløgde golvbord frå skogteigen vår i Skulestadmoen.
Denne vart også snøgt for liten så det vart sett opp ein rund Soldal tresilo i høybrotet. Denne var med eit lite påbygg rundt 8m høg og fyllte opp heila høybrotet. Fyllinga av desse siloane vart opprinneleg gjort med ei høykanon, sidan med ein silotransportør (transportband). Graset vart frakta inn på laoen med traktor og hengar, det var ikkje høgde for å tippa så det vart brukt ein lem bak i hengaren, i denne var det festa ein kjetting som hang ut bak, denne kjettingen vart så festa i ein solid stokk innst å laoen før traktoren kjøyrde ut att og lemmen drog lasset av - snedig. Det var litt av eit styr i siloslåtten, me måtte vel vera tre-fire personar på laoen og i siloen for å ta unna før neste lass kom. Innimellom så måtte silotransportøren flyttast frå eine siloen til hin, det var tungt og trongt men effektivt syntest me på den tid. Knappe fjorten dagar tok slåtten då mot to månader med hesjing tidlegare, i år kom ein traktor med ei stor slåmaskin og slo ned alt på to timar, dagen etter kom ein balleentreprenør og balla det på ein ettermiddag...
Men no var det rivinga dette skulle handla om. Støypesiloen var heilt uaktuell å riva, dessutan så høver han fint til toalettanlegget i løa.