fredag 9. juli 2010

Kaos i tunet

All denne rive, bære og byggeaktiviteten på ein gong fyllte sjølvsagt opp tunet med rus, rask og treavfall på rekordtid.Alt dette måtte så sjølvsagt sorterast og fjernast. Alt som var reint nok kappa me opp til ved, men innsausa vegger frå stall og smalflor ville me ikkje ha i hus. Det hagla med velmeinande gode råd som å brenna det opp eller grava det ned men me landa heldigvis på løysinga med å levera det som treavfall på deponiet til IHM. Veldig greitt då - ein containerbil med tømmerkran svingar innom tunet og pakkar containeren full og vekk er det. Vel, det vart ein god del meir enn ein container så det var godt me slapp å slita med det sjølve meir enn me alt hadde gjort. Eg meiner å hugsa at me leverte i overkant av 200m3 treavfall.
Erlend, Ali og Jon var gode hjelparar i denne tida, det var ikkje ratt få storsekker med raskaved me pakka og stua vekk. Me har fyrt med gamlaløo kvar vinter sidan, men ser no omsider slutten på den veden.
Det var ei tungvint tid med kaos i tunet, bilar og rot over alt så det var jamen godt å få det gjort og koma vidare i prosjektet.