Det er søte tider no, me har akkurat starta å plukka Florence, den seinaste sorten me har. Sesongen så langt har vore litt skjemt av regn, desse bæra er fastare og toler litt meir væta. Og at dei er gode kan nok dei ti jentene på biletet gå god for. Dei kom oppom åkeren her hin dagen og kjøpte seg nokre korger og meinte det var beste bæra dei hadde smakt.
Sommaren og jordbærsesongen er ei slitsom tid for oss, men også ei fin tid me ikkje ville vore utan. Me møter mange kjekke folk på torget som set pris på at dei kan kjøpa lokale bær. Dette er ikkje sjølvsagt i dag, mange småskala produsentar har lagt ned og jordbærdyrkinga er konsentrert på nokre få stader i landet.
Til neste år når Store Ringheim er vorte gjestetun vil me nok få det endå travlare, jordbæra vil me likevel halda fram med.
Men no er det årets sesong som gjeld, velkomne til torgs for å smaka på gode jordbær!