mandag 27. februar 2012

Skotårsdagen, dagen damene kan fri :)

Etter ein førespurnad frå eit par som ville feira skotårsdagen på onsdag har me kome fram til at me vil ha ope denne kvelden og feira kalenderen sin sjeldnaste dag.
Det spesielle med denne dagen er at det er då damene kan fri til sine kjære, noko som vanlegvis er ein mannsjobb.
Me tilbyr gratis kveld med både mat og drikke til den dama som går ned på kne og frir til sin kjære i restauranten vår den kvelden. Eg skulle tru at denne marknaden er stor - det er mange sambuarpar der ute der mannen har akutt giftofobi :)
Tradisjonen seier og at dersom mannen seier nei må han gje damo 12 par hanskar ( og det er ikkje snakk om strikkavetter)
Så damer - lur med dykk sambuaren på Store Ringheim på onsdag og gå på kne!
Karar - pass dekan :)

På dan hi sio sett så er det vel knapt noko meir romantisk enn eit frieri på ein romantisk restaurant i ljoset av levande ljos - og eit ja kan føra til brudlaup på same staden, og brura kan fletta inn i talen sin ei anekdote om frieriet og visa til staden.