søndag 5. februar 2012

Opninga 2012

Ikkje alt for mange gjester let seg freista av ein fin kveld med god mat, men dei som kom let vel og hadde det hyggeleg.
Me byrja med champagne til aperitif og eit bugnande bord med småmat og frukt.

Det var litt tapasrettar, ostefat, stort fruktfat og eit par rettar frå Korea som svigerdottera vår laga til.

Dette vart runda av med ein demonstrasjon av ein Bhuddistisk te seremoni. Ein slik seremoni er mellom dei tinga Svein Ivar kan tilby her til grupper som vil ha litt sjelero og meditasjon.

Som dei fleste veit så er det ikkje noko slikt som ein fri lunsj så gjestene måtte finna seg i at eg fortalde litt om kva tilbod me vil ha utover året.
Kortversjonen lyder slik:
  • Open restaurant for A la Carte servering fredag til søndag
  • Ofte skifting av meny
  • Temakveldar (Morsdag, Valentine, Fastelaven, Rakfisk, Skrei, Smalahove osb)
  • Konsertar, Voss Jazzskule, pubkveldar, visekveldar og om andre vil nytta lokala våre til konsertar.
  • Kurs, konferansar, møte - ta kontakt så lagar me råmene rundt etter dykkar behov
  • Matfilosofi - All mat laga frå grunnen av mest mogeleg lokale råvarer, god smak i høgsetet, kreativt kjøkken - mat hjå oss skal vera vanskeleg å finna andre stader.
  • Brudlaup, dåp, gravferd, høgtidsdag osb - ta kontakt med oss så lagar me råmene rundt dykkar dag etter dykkar behov.
  • Venegrupper, firmasamlingar, uformelle lag- ta kontakt så lagar me råmene rundt etter dykkar behov
  • Galleridrifta vil halda fram med nye kunstnarar i utstillinga.
Etter denne vesle presentasjonen heldt Olav Undeland ein fin konsert med blues musikk frå 20-30 talet ispedd historiar om artistane og innhaldet i songane.

Programmet var ferdig ca 21.00 men me vart sitjande og prata og kosa oss i nokre timar til.

Ein hyggeleg kveld!