torsdag 13. desember 2012

Me startar med friskt mot

Gamlahuset er tomt og me set i gang med å realisera planane me har for det.
Skal Store Ringheim verta eit ekta gjestetun lyt det sjølvsagt vera ein stad gjestene kan overnatta og det har me tenkt dei skal gjera i Gamlahuset.
Me tenkte i utgangspunktet at det ikkje skulle vera så vanskeleg å få det til for huset såg rimeleg bra ut, men så er det no ein gong slik at mykje rart kan finnast i ei pakke med fint papir..

Vår mann i restaurering, Vidar Hefte, rulla inn i tunet med arbeidsfolka sine og byrja å "pakka ut" pakko og det viste seg snart at det var litt kattar i sekken.
Huset er frå 1860 så det skulle vel berre mangla at det ikkje var eit og anna som måtte bøtast men her vart det litt i øvre leiet.
Me fekk etterkvart same kjensla som ein har i tannlækjarstolen medan ein ventar på resultatet av røntgenbileta..

Her er litt bilete