torsdag 6. desember 2012

Jolalunsj, jolaavslutting

Jola nærmar seg og dei fleste skal ha ei eller anna slags samkome for å markera den komande jola og slutten på året.
Det er ikkje alle som synest eit stort jolabord er den rette måten å markera dette på men heller ein lunsj eller ein middag i lag med kollegaer eller gode vener.
Me har den perfekte staden for slike samlingar og vil i tida fram til og med 22.12. ha ope for slike samlingar kvar dag.
Ta kontakt med oss på 95406135 så kan me laga eit opplegg som passar deg enten det no er full middag eller eit enklare opplegg - me prøver så langt me kan å laga gode råmer for akkurat di tilstelling.
Me lagar både jolamat og annan mat. Me har pinnakjøt frå eigen produksjon av råstoff frå Selheim, lambafilet, lambahøgrygg, boergeit, ytrefilet frå Selheim, Danske smørbrød, gryterettar....kort sagt det meste så om de ynskjer ei markering av at jola kjem og året endar i spesielle og koselege omgjevnader er Store Ringheim absolutt staden:)