mandag 11. juni 2012

Beste lunsjen på Voss?

I sommar vil me frå torsdag 14.06 og ut august ha ope for lunsj torsdagar til søndagar i tidsrommet 12.00 til 16.00.

Dette vert i ein meir uformell setting med servering ute på terrassen og inne i storesalen om det regnar. Me vil servera ein fast meny av smårettar og suppe, alt velsmakande og laga frå grunnen.
Litt spanande detta om me klarar å lokka Vesser og turistar bort frå støv og bråk på Vangen opp til oss for ein god lunsj i flotte og rolege omgjevnader.

Me ligg berre ein tre minutt biltur unna med gratis parkering så det burde vera innan rekkevidde.
Gjestene kan også ringa på førehand og tinga maten så den er klar når dei kjem, det er ikkje moro å bruka lunsjen til å stå i kafekø:)

Ta turen og prøv :)