onsdag 20. juni 2012

Ganefart 2012

Me har meldt oss på Ganefart 2012 , Eit samarbeid mellom Bygdekvinnelaget, Matdepartementet og Innovasjon Norge om å kåra beste matstaden langs vegen.
Eit godt og heilt naudsynt initiativ for å motverka frityreimen langs vegane våre. Her er det lagt opp til premiering av kortreiste, lokale råvarer, lokal mat, god stemning - kort sagt alt du ynskjer å oppleva når du tek ein pause på vegen.

Opplegget er kort sagt at gjestene kan stemma på den matstaden dei tykkjer fortener det, den som får mest stemmer får publikumsprisen. Men det er også ein fagjury involvert, denne skal kåra den beste staden på bakgrunn av rapportar frå anonyme inspektørar som kjem innom alle påmelde og et som vanlege gjester.
Litt spooky dette, nesten som om inspektørar frå Guide Michelin er ventande. Me får vona dei vert nøgde med mat og atmosfære her hjå oss.

Og de, våre kjære gjester, kan hjelpa oss ved å stemma om de er nøgde med opplevinga her oppe, me set pris på all hjelp :)