fredag 30. november 2012

Hotell i særklasse



Me er i gang med å byggja om gamlahuset på garden til eit lite hotell - og det skal sjølvsagt verta eit hotell i særklasse:)
Ikkje som i Fawlty Towers sjølvsagt, og spesielt ikkje med meg som Basil Fawlty - nei, detta skal verta eit verkeleg hotell i særklasse.

Råmaterialet er det gamla hovudhuset på garden som er frå omlag 1860 og den gamla årestova som er frå byrjinga av 1700 talet.
Desse to husa er det så planen å forsiktig restaurera attende til opprinninga så ikkje sjela i husa går tapt.

Deretter vert det laga til eitt rom i stovo og eitt i kjøkjen i første høgda, desse får kvar sitt bad i kammerset. I andre høgda vert det likeeins Det vert også eit spesielt rom i årestovo med litt sota vegger, hol i taket og kanskje eit skrymt i veggen.

Me kallar dette hotell sjølv om det berre er 5-6 rom for me har tenkt å ta med all komfort frå eit godt hotell inn i dette gamla, fattigsleg utsjåande huset og  frukosten vert servert i løo.

Me trur det er ein trend at folk ynskjer ein annan setting enn eit typisk hotell når dei er ute og reiser men at dei ikkje vil gje slepp på komforten i eit godt hotell.
Me vil møta denne trenden ved å ta ut innhaldet i eit godt hotell og setja det inn i vårt autentiske gamle gardstun, på den måten kan våre gjester få med all den atmosfæren som ligg her i det gamle tunet, med dei gamle husa og ei slåande utsikt og samstundes ha full komfort.

Me kjem til å oppdatera dykk her på bloggen etterkvart som bygginga skrid fram og vonar de vil fylgja med og dela med andre.