torsdag 22. november 2012

Førejolshelg - pinnakjøt - kos og romantikk

Er det nokon som kunne tenkja seg ein kjekk kveld med god mat (pinnakjøt eller ala carte) i lag med gode vener, kjærasten, kåno (som og sjølvsagt kan vera kjærasten:o)) ein kveld no i førejolstida?

Fredag 30.11. er ein slik dag. Den dagen har me ikkje fyllt opp med store lag og halloi men me lagar gjerne pinnakjøt til dekan som vil ha ein roleg kjekk kveld i ei jolapynta løe.

De som vil eta god mat i skinet av levande ljos, sjå kvarandre djupt inn i augo, sleppa skuldrane ned og ta inn ro og jolastemning no rett før advent.

Ring oss seinast dagen før om de vil ha pinnakjøt så svingar me opp med nydeleg heimalaga pinnakjøt og kaffi og kake med is til ein overkomeleg pris.

Hjarteleg velkomne kjære de:)