fredag 11. mai 2012

17. mai

Me har omsider bestemt oss for å ha ope på 17. mai i år. Me ligg eitt stykke utanføre sentrum der feiringa av dagen går føre seg på dagtid så me opnar ikkje før på ettermiddagen, kl 16.00 for å vera korrekt.

Me ser at dei fleste konkurrentane satsar på spekemat og buffet, difor satsar me litt annleis og har a la carte meny med kanskje litt nasjonale innslag - me får sjå, menyen vert publisert litt seinare i veka, den er ikkje ferdig enno.

Har det vore ein hard dag i sentrum med tradisjonell blest og regn eller ein varm dag i bunaden så vil det uansett vera godt å ta seg ein tur til oss om kvelden, eta eit godt måltid med litt god vin eller godt øl og lata oss pusla om dekan.

Ring 95406135 og ting ei perfekt avslutting på dagen.

Hipp hipp :)