I går hadde me representantar for blikkenslagarfirmaet og firmaet som bereknar ventilasjonsanlegget, samt byggmeister og arkitekt på besøk. Bakgrunnen var at det var vanskeleg å finna plass til maskineriet til ventilasjonsanlegget innandørs og det var vanskeleg å integrera det utandørs - gamle bygningar er som regel ikkje enkle.Etter eit par timar fundering og meiningsutveksling fann dei likevel ei råd, det vert bygd eit lite påbygg på vestre enden av løa som skal husa maskineriet, neppe ideelt estetisk sett men minst av alle "onder".
I løpet av neste veke vil det også verta starta opp arbeid på uteplassen og kloakkgrøfta så endeleg er me i gang att.Kortid me er ferdige er nok for tidleg å sei.