mandag 29. oktober 2012

Catering

Me har to dyktige kokkar som treng litt meir å gjera så me har avgjort at me vil byrja å levera mat ut av huset til gleda for folk som skal ha tilstelningar, møte eller selskap.
Me har sjølvsagt vår eigen vri på dette.
For det første er sjølvsagt alt laga frå grunnen, me juksar ikkje der:)
Me har satsa på heile og halve Danske smørrebrød istadenfor baguettar, rundstykke, smørbrød og snittar, ikkje fordi dei sistnevnde ikkje er gode men fordi me likar at Danske smørrebrød er så enkle å eta med kniv og gaffel. Darius har arbeidd 4 år i Danmark så me kan garantera at oppskriftene er autentiske, og - berre så det er sagt - me brukar sjølvsagt også her lokale råvarer så som roasbeef frå kjøt frå Selheim, vår eiga rudlepylsa laga av Vossalam frå Selheim osv.

Same sak med koldbordet. Me satsar på litt uvanlege rettar sett i forhold til eit tradisjonelt Norsk koldbord, men alt er garantert godt:)

Fingermat og Tapas har me ikkje på standardmenyen enno men det er i kjømda og om nokon ynskjer det før me har det heilt klart er det berre å snakka til.

Me har sjølvsagt også eit godt oppstartstilbod: 10 % på dei ti første tingingane mot at me får ei ærleg tilbakemelding på mat og opplegg.

Så her er det berre å hiva seg på folkens - Ring 95406135 og ting:)

Her er menyen