torsdag 23. august 2012

Slutt på Sommarlunsjen for i år

Forrige helg var den siste i år med lunsjservering hjå oss.

Sommaren er over, desverre - eller kanskje lika greitt slik han har arta seg. Det er nok berre i meteorologiske statistikkar han er varmare enn normalt.

Me hadde ei satsing på lunsjservering i sommar der me serverte enklare, men svært gode, heimalaga lunsjrettar til ein rimeleg pris. Det var forsåvidt ein suksess, ikkje slik at me vart nedrende med folk men dei som kom var svært nøgde både med mat og service.

I motsetnad til dei fleste andre lunsjstader på Voss tek me tingingar og serverer ved bordet slik at lunsjpausen vert ein pause 100% og gjesten slepp å kasta vekk dyrbar pausetid i kassakø.

Nokon økonomisk suksess vart det ikkje men me kjem likevel til å gjera det omatt til neste år, det skal ikkje så mange fleir innom før overskotet er i sikte:) Me vonar at alle som var innom i år tek turen att til neste år og tek med seg alle sine kjende, då har me eit grunnlag for å gjera dette årleg.

Vidare utetter hausten har me vanleg opningstid torsdag til søndag 17.00 - 21.00 for ala carte servering.