søndag 8. april 2012

18.04 "Det sorte gullet"

Det sorte gullet er i dette tilfellet ikkje olja frå Nordsjøen men vår eigen indre bagasje av frustrasjonar, nevrosar, angst og anna som me helst ikkje snakkar om.
Den 18.04 kjem Arild Brakstad her og han vil snakka om dette til gangs, snakka om korleis hans indre demonar og nevrosar vart snudde til ei positiv skapande kraft. I ein monolog som kallar på både gapskratt og tårer vil han visa oss kor gale det kan vera og kva godt som kan koma ut av det.

Framsyninga varar frå kl 19.00-22.00 og kostar kr 150,- pr pers.
Påmelding på 95406135 eller stikk innom, billettsal i døra.

Gå ikkje glipp av denne kvelden! Få ein føresmak i linken nedanføre :)

"Det sorte gullet"