tirsdag 21. september 2010

Byggeløyve eller ikkje...

Som eg har skrive tidlegare heng prosjektet fast i prosessen med å få byggeløyve for tida.
Så langt har eg klart å finna ut at Fylkesmannen har ei meining om at prosjektet er for stort til at det kan koma inn under landbruk + begrepet og at me må søkja dispensasjon frå kommuneplanen der området her er sokalla LNF område. Dette krev sjølvsagt både tid og pengar og - her skal også Fylkesmannen gje uttale om han meiner det er greitt. I ytste konsekvens kan me verta pålagde å laga ein reguleringsplan før me får det i orden. Det korkje vil eller kan me av økonomiske årsaker, prosjektet er både dyrt og vågesamt alt i dag så dersom det vert kravd vert det stilt og roleg begrave.
Det er to ting me lurar litt på her; for det første så vart me av alle instansar oppmoda om å koma fram med alle planar med ein gong så ville det verta så mykje enklare. På førehandskonferansen med byggesak, landbruk, vegvesen osv var det full konsensus om at dette var eit typisk landbruk + prosjekt men Fylkesmannen si landbruksavd er tydelegvis av ei anna meining. Me har fått signal om at det var for omfattande og difor datt ut or landbruk + omgrepet.
Javel? Meiner altså Fylkesmannen at det vert betre planlegging av å søkja stykkevis og delt?
Jaja, hadde me visst det hadde me sjølvsagt søkt berre om løo og ikkje teke med husværet på reiskapshusloftet.
Det andre me undrar på er; søknaden gjeld bruksendring på to hus som er vortne utdaterte som landbruksbygningar etter at drifta på garden er omlagt. Me kunne sjølvsagt berre lete dei stå og forfalla eller rive dei ned, noko me ser i ettertid sikkert hadde vore det fornuftigaste, men me ville gjerne utnytta potensialet i dei og prøva å laga ein arbeidsplass på bruket. Dette skulle eigentleg vera sjølve kjerneideen i landbruk + så me undrast på kva Fylkesmannen si landbruksavdeling eigentleg meiner kjem innunder omgrepet.
Slik står no saka no då - i uvisse - kommune og Fylkesmann skal ha eit møte neste torsdag der temaet skal drøftast, kanskje me vert klokare då...følg med!