Mørketida er over oss, me har hatt regn og flaum men stort sett bra ver og tørt. Korkje frost eller snø så langt.
Hausten er ikkje berre mørkre og dårleg ver, det er og tida for å gjera noko saman. Jola nærmar seg og med den tida for store og små jolesamkomer.
Hjå oss har nissane kome fram frå skåpet og tittar fram mellom stokkar og tømmer, nokre er tilogmed vorte rett så akrobatiske i stigen i floren.
Me har sjølvsagt jolabord og dans med helgane, men me har også plass til alle dekan som ikkje nødvendigvis ser føre dekan den store feiringa. Ei roleg feiring med gode vener, dameklubben, pensjonistlaget, matentusiastar eller berre familien passar heilt fint hjå oss, me har rolege rom og krokar der ein kan sitja for seg sjølv eller koselege bord der ein kan kosa seg i lag med andre i same ærend.
Me serverer jolamat til dei som vil ha det og vanleg mat til dei som vil ha det men grupper over ti personar må velja same meny.
Så går du ikring og lurar på å ha ein hyggeleg kveld med vener eller familie, eit lite firma, lag, klubb o.l. ta berre fram telefonen og ring oss på 95406235 eller send ein epost til post@storeringheim.no så ordnar me i saman ein hyggeleg kveld for dykk.